Skotring

Jon Velure008-bDet er bryllaupstid, og i sosiale medium florerer det med foto frå store og små bryllaupsfestar. Ingen tvil om at bryllaup er mellom høgdepunkta i livet for mange, slik det har vore i mannsaldrar. Frå heimtraktene mine i Hardanger kjem det enno meldingar om at det kan dukka opp skotrarar i bryllaupslaga, til stor moro for gjestene og ikkje minst for skotrarane sjølve. I lang tid har hardingane har hatt sans for skotring.

Å skotra er kort og godt ein skikk der folk som ikkje er inviterte i bryllaupet, kler seg ut og går til bryllaupslokalet seint på kvelden, ofte etter at bryllaupslaget er ferdige med kaffimåltidet. Skotrarane slepper inn og er med på dansen ei stund, før dei må forlata festen. Eit viktig element er at dei får servert heimebrugg, eller det som måtte vera av fri drikke. Frå tida mi som spelemann i bryllaup kan eg hugsa at me stundom såg fram til at det skulle koma skotrarar, dersom bryllaupslaget var tunge i sessen og vanskelege å få fram på dansegolvet. Det brukte å losna når skotrarane kom.

Sjølv var eg med å skotra allereie som smågut. Det hadde seg slik at mor og far var bedne i bryllaup. Far skulle spela. Systrene mine skulle vera hjå moster vår, medan morbror skulle sjå til meg. Han fekk besøk av kameratar, og dei hadde svært hug til å skotra i bryllaupslaget. Ein av kameratane til morbror føreslo at dei kunne ta meg med, eg var ikkje so liten. Som sagt, so gjort. Gutungen hadde på ingen måte noko i mot å få innsyn i vaksenleik.

Dei pyltra meg til med puter slik at eg kunne ha på meg vaksenklede. Mellom anna hadde eg på meg ein vest av saueskinn der ulla vende ut. Til slutt sette dei på meg ei maske for å gøyma unggut-ansiktet. Eg vralta i veg saman med dei vaksne gutane, og me kom inn på hotellet saman med mange andre som òg var ute i skotrarærend. Eg hugsar enno lyden av fest; vaksne som skratta og lo. Somme dansa, andre sat ved borda i salongen ved det runde dansegolvet som var den gongen på Hotel Ullensvang. Eg fekk beskjed om å ikkje rota meg bort, men halda auga med kvar morbror og kameratane heldt seg. Varsamt bauta eg meg fram mellom festglade folk og stilte meg opp ikkje so langt i frå far. Han var oppteken med å spela og ensa ikkje den ullvestkledde skotraren som betrakta musikken. Eg kjende meg vellukka sidan far ikkje kjende meg att. Mor glytte nok litt, sidan ho drog kjensel på sauevesten. Det sveiv henne likevel ikkje at eg var mellom skotrarane. Eg var inne på tanken å ta meg ein dans, men våga ikkje. Faren for at eg vart avslørt, var for stor.

På heimvegen var me alle svært nøgde med at ingen hadde kjent meg att. Sjølv hadde eg fått eit glimt inn i ei meir gledefylt side ved livet i Lofthus-bygda på 1950-talet. Spennande for ein unggut, som elles opplevde kvardagar fylte med skulegang, og vaksne som var travelt opptekne med arbeidslivet.

Seinare i ungdomen var eg skotrar fleire gonger. Ei jolehelg fekk eg med meg kameratar i eit bryllaup, der me ikkje kjende brureparet. Eg kjende ei av gjestene og kunne godt tenkja meg å ha eit ord med henne. Me var tilstrekkeleg mange til å gjennomføra eit skotrarbesøk på skikkeleg vis, sjølv om bryllaupslaget var ukjende folk. Eg fekk ein dans med jenta eg gjerne ville møta, men våga ikkje gje meg til kjenne. Blygsel heiter vel slikt, eit ord som i dag berre ser ut til å vera i ordbøker, utan innhald i det praktiske livet. Den halv-anonyme festdeltakinga som skotrarar i bryllaup vart i alle fall rekna som små høgdepunkt i ungdomslivet.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × five =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.