Kunstig intelligens

Innimellom dukkar det opp eit vanskeleg spørsmål: kan ein få hjelp av kunstig intelligens også når den vanlege intelligensen er skral og litt haltande? Når ein knapt ensar at ein treng hjelp av kunstig intelligens? Merkar at kvar gong nokon snakkar om kunstig intelligens, svarar eg med spørsmål.

Dårleg teikn, spør du meg, at ein ikkje eingong forstår at ein treng kunstig intelligens, og svarar med spørsmål. For det er vel slik at for å forstå at ein treng kunstig intelligens, må ein ha tilnærma vanleg intelligens?

Der ser du, det kjem berre nye spørsmål, ikkje eingong kunstig intelligens kan endra på den uvanen. Slik surrar ein i veg. Sannsynlegvis ikkje særleg intelligent, i beste fall litt menneskeleg, og ikkje kunstig. Det er lett å koma i mental åvelte når ein prøver å nærma seg intelligensfeltet. Ille var det før, men heilt håplaust ettersom feltet vert meir og meir kunstig.

Minner meg om ein skule-elev for lenge sidan, då det berre var vanleg intelligens. Han streva med eit reknestykke og kom til slutt fram til at han var eldre enn far sin. Då dei rundt han kom med innvendingar, hadde han eit triumferande svar: «Rekninga kan ikkje lyga!». Slik er det nok stundom med den kunstige intelligensen òg. Og lite visste guten at svaret hans kunne verta ein president verdig.