Kortskallar, langskallar og andre skallar

Kva skalletype høyrer du til? Du veit ikkje, seier du? Det gjer ikkje eg heller, men eg trur eg høyrer til langskallane. Trusgrunnlaget mitt er at eg kjem frå indre Hardanger, og der skal langskallane vera i fleirtal.

For godt 100 år sidan var læra om kortskallar og langskallar sett på som relevant lærdom om rasar og mennesketypar. Skallemåling var del av den fysiske antropologien. Til dømes vart skallemålingar omtalte i lærebøker økonomisk geografi for gymnaset tidleg på 1900-talet. Ein sentral person for å gjennomføra skallemålingar var sanitetsmajor Carl Arbo (1837-1906), som målte rekruttar. Han meinte å koma fram til at langskallane dominerte i innlandet i Sør-Noreg, medan kortskallane var å finna i kyststroka. Ein debatt i Stortinget 6. mars 1899 viser klår skepsis mellom stortingsrepresentantane om Arbo skulle få vidareført eit stipend til å gjennomføra slike målingar. Skepsisen galdt i og for seg ikkje  sjølve målingane, men Arbos forsøk på å knyta skalleforma til personlege eigenskapar. Han meinte å bruka skalleforma som forklåring på  personlege karaktertrekk. Dette opprørte dei få stortingsrepresentantane som hadde ordet i saka, som vart oversend til Regjeringa til endeleg avgjerd.

Det store stridsspørmålet om skallelæra galdt ulike freistnader på å forklara personlege eigenskapar utifrå skalleforma. Det var meir eller mindre uttalt at kortskallane hadde større sjansar for negative eigenskapar enn langskallane. Skalletypologilæra vart tett knytt opp mot ulike variantar av raselære, ikkje minst innanfor nazismen. Dette gjorde sjølvsagt at typologisystemet vart kompromitert og forsvann nærast heilt ut av det vitskaplege samfunnet etter andre verdskrig.

Eg kom tidleg over teoriane om skalleform i eit stort bokverk som elles på mange måtar er ei storarta kjelde frå tidleg 1900-tal. Det gjeld Norges land og folk topografisk-statistisk beskrevet i 42 tjukke bind. Ansvarleg for bokverket var bergensaren Amund Theodor Helland (1846-1918). Han var professor i geologi, men er mest kjend som kulturgeograf. Norges land og folk omfattar ei mengd opplysningar frå tilgjengelege kjelder på den tida og er ei skattkiste for dei som er interesserte i korleis ein tidleg på 1900-talet vurderte og såg på folk og samfunn. I alt 14 amt og to byar (Kristiania og Bergen) får ein grundig presentasjon av topografi, geologi, historisk utvikling, næringsliv, store mengder statistikk m.m. Presentasjonane gjeld både amta meir generelt og kvar enkelt kommune. I omtalen av Søndre Bergenhus Amt står det at Hardanger-kommunane er dominert av langskallar. Unntaket er Eidfjord og Røldal, der kortskallane er i fleirtal. Eg hugsar at mellom den eldre generasjonen vart dette omtalt med ein smil om munnen, spesielt når det vart hevda at folk frå Eidfjord og Røldal var litt annleis.

Sjølv om me i dag vil avvisa både rase- og skallelæra, er dei teoriane som vart utvikla på den tida, uttrykk for ein stendig vilje til å dela inn omverda vår i kategoriar i eit forsøk på å skapa orden og oversyn. Å ynskja orden og oversyn er ikkje negativt. Problema oppstår når me prøver å gruppera menneske etter ytre faktorar og overser at me fyrst og fremst er enkeltindivid som har rett til å behandlast som enkeltindivid, ikkje som medlemer av ei meir eller mindre tilfeldig gruppe. Dette er enkelt i teorien, men viser seg vanskeleg i praksis. Me ser det i måten me behandlar andre på, anten det er etniske grupper, andre nasjonalitetar, eller funksjons- og utviklingshemma medmenneske. Gruppetenkinga slår gjennom altfor lett, sjølv om me ikkje alltid vil vedgå det.

Det er éin skalletype som eg likevel meiner finst. Når me gutungane hadde gjort noko dumt, fekk me ofte høyra at me var «klakaskadlar». Karakteristikken er tufta på presis og folkeleg observasjonsevne, ikkje på stipendfinansierte studiar. Dette er ein skalletype som har funnest til alle tider, og som heilt sikkert er likeleg fordelt mellom både kortskallar og langskallar.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.