Steintrappa

Munketreppene-401x430

Stavrar meg opp lia,
går i ei steintrapp,
eitt trappesteg om gongen,
turkar sveitten i solsteiken,
tenkjer på den fyrste
som la steinane,
ein etter ein
oppover lia,
som såg seg ut
dei rette steinane,
som fann dei mindre steinane
til å skòra under hovudsteinen
slik at han låg støtt
i lang tid.
Han visste kva
han såg etter,
forstod kva
han gjorde,
han la steinane
slik han hadde lært,
vel vitande
at ei steintrapp
i bratte lia
må leggjast med
kunnskap og kløkt
skal ho vara.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.