Fjernsynsafari i eigen fjord

P1000016_cr-bEg må berre vedgå det: eg sat og såg på då NRKs sommarbåt gjekk fjordalangs i Hardanger. Eigenleg var det fyrste gongen eg har site midtfjords so lang strekkje i eigne fjordarmar. Til vanleg sit eg i bil som førar og har meir enn nok med å finna ut korleis ein skal koma seg fram på smal og svingete veg. I alle fall gjeld det på austsida av Sørfjorden. På vestsida er det mykje betre, men so har nokre hovud, som må vera kloke på ein merkeleg måte, funne ut at ferjesambandet mellom Utne og Kvandal skal reduserast. På den måten får dei mange fleire til å køyra den dårlege vegen på austsida. Dei må kanskje tru at ynsket om å køyra over Hardangerbrua er so sterkt at dei toler den dårlege austsidevegen samstundes som dei må betala i dyre dommar for å koma seg over på Oksen-halvøya. Vegplanlegging i Hardanger har eg aldri forstått, og langt mindre no når eg er trygt internert i innlandet, litt i utkanten av det området der firfeltshysteriet rår.

Men attende til sommarbåten. Eg fann ut at det var utruleg praktisk å sitja framfor fjernsynet. Ikkje nødvendig å snu hovudet ein einaste gong, slik ein må gjera når ein sit i båt på fjorden. Her kunne eg sjå rett fram heile tida, utan å få vondt i nakken. Det var mange kamera som viste begge sidene av fjorden i tillegg til utsyn både framover og bakover. Storarta! Der steig det fram det eine landemerket etter det andre. Børvehovden – det mest markante landemerket i Sørfjorden. Eg kjem i hug den fyrste landkunneboka eg hadde på folkeskulen; det heiter vel geografi no. Det fyrste biletet i boka viste kyrkja i Ullensvang og Børvehovden. I mange år var eg overtydd om at sidan dette biletet stod fremst i landkunneboka, måtte Ullensvang og Sørfjorden vera den finaste staden på jorda, meir som sentrum i verda. Seinare har eg nok møtt motbør mot eit slikt syn, men inst inne trur eg på det den dag i dag, sjølv om eg ikkje seier det til nokon.

Akkurat då båten skulle svinga inn til Utne, der eg hadde åtte gode år på Hardanger folkemuseum, kom den lagnadstunge meldinga på skjermen at båten var utanfor dekningsområdet. Heldigvis varte det ikkje so lenge. Likevel var det ei påminning om at Utne, denne fagre staden, ligg nok litt utanfor allfarveg, når programmeringsutgangspunktet ligg i Oslo. I alle fall, medan båten nærma seg Utne, kunne eg tenkja attende på spennande museumsår. Eg var heldig og fekk vera der då økonomien var god. Når eg tenkjer nærare etter, var eg alltid heldig på det feltet. Eg fekk oppleva museumsinstitusjonar med god økonomi. Det er lenge sidan eg har møtt museumsfolk som uttrykkjer seg slik.

Slik sat eg og lét minna rulla over den indre radarskjermen. Frå båten såg eg eit lite glimt av det huset der eg vaks opp, i Hedlandshagen. Ombygt, men likevel attkjennande. Slekta bur der framleis. Sanneleg såg eg ungdomshuset, der eg møtte den fyrste kjærasten min. Innimellom minnebileta såg eg mange kjenningar som vinka og hoppa på land. Dei oppførde seg som vårkåte kalvar. Kva gjer ein ikkje i von om å vera til pynt i fjernsynsruta nokre sekund!

Det heile var ein sann attkjenningssvir der sommarbåten tok seg fram i den delen av landet som har vore med på å skapa ein del av den nasjonalromantiske dimensjonen som landet og turistnæringa har brukt dei seinaste 150 åra. Høgdepunktet var sjølvsagt Ulvik og Lars Sponheim som med velkjend, allfaderleg pondus proklamerte at Ulvik er perlo i Hardanger. Rette ord i beste sendetid; det høver framifrå å ha ei perle mellom diamantane i Hardanger.

Share

1 kommentar til “Fjernsynsafari i eigen fjord

  1. Gerd Opedal

    Eg fylgde også med. For meg var det også gode sommarminne heilt frå Jondal. Eg hadde besteforeldra mine på morssida i Herand, og Herandsbesten var båtbyggjar og båteigar. Eg har reist mykje med båt mellom Herand, Jondal, Tørvikbygd, Bakke i Strandebarm, Norheimsund, Øystese og attende til Herand. Av og til gjekk turen inn til Lofthus og. Så eg har sett alt frå sjøsiden før, men ikkje med zoom.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 + seven =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.