– Sommarvêret spelar ei rolle

Her om dagen dumpa det ned i postkassen ei lokalavis der fyrstesideoppslaget hadde overskrifta «Sommarvêret spelar ei rolle». Ja, sjølvsagt, var den fyrste reaksjonen min. I mi verd er eg nesten skråsikker på at sommarvêret alltid har spela ei rolle. Tankane gjekk til somrane i ungdomstida då me stod i stigar i frukttrea i soppande regnvêr og henta/kasta sprukne moreller. Regnet rann i strie straumar inn under erma på regnjakka og fylgde kroppen heilt ned i støvlane, på innsida. Men so hadde me dagar med solskin, då me kunne henta mange kassar og tena pengar, samstundes som me vart brune.

Eg opna avisa med ein gong. Det stod sjølvsagt ingenting om sommarvêr og morellhausting, heller ikkje om campingturistar som klaga over sommarvêret. Fokus, som det skal heita i dag, var på omsetning i butikkane. Over to sider fekk butikkeigarar gjera greie for korleis vêret hadde verka inn på sommarsalet. Somme hadde hatt auka omsetning, andre hadde hatt nedgang. Årsaka var den same: det dårlege sommarvêret.

Slike gonger har eg lett for å gå inn i ei konspiratorisk boble for å tenkja ut kva som kan liggja bak reportasjen. Nokon i avisredaksjonen må ha hatt ei meining om at sommarvêret ikkje spelar noka rolle. Kanskje var det ein laus tanke hjå ein redaksjonsmedlem, eller til og med eit forsøk på kritisk journalistikk, der ein prøver å stilla spørsmål ved dei evige sanningane. I alle fall, redaksjonen må ha hatt ei god stund då den unge, lovande og skriveføre sommarvikaren kom attende med hard empiri som motbeviste det som kan ha vore utgangspunkt for reportasjen. Og i tillegg må det ha vore trygt å kunna visa til ei årsak som me ikkje har innverknad på sjølve. Vêret høyrer enno til den kategorien.

Avisoppslaget fekk meg til å tenkja på den faste forklaringa som mange norske museumsdirektørar har kome med år etter år når dei skal forklara endring i museumsbesøket. Scena er den same kvart år. I slutten av august får dei besøk av eller telefon frå mediefolk som skal vita korleis turistsesongen har vore. Direktørane mannar/kvinnar seg opp for å svara på spørsmåla. Forklaringsmønsteret er det same kvar gong: har det vore nedgang frå året før, er det vêret som har skulda. Har besøket auka, er det gode utstillingar og målretta marknadsføring som er årsaka. Varianten med at nedgangen kjem av dårlege utstillingar og meiningslaus marknadsføring, har eg aldri høyrt. Det er sikkert insinuerande berre å tenkja tanken.

For dei tilsette på Meteorologisk institutt må det ha vore ei feststund å lesa oppslaget i lokalavisa. Nok ein gong fekk dei stadfesta at det som dei har vigsla eit heilt yrkesliv til, betyr noko. Vêret er sjølve grunnplanken i det me interesserer oss for. Vêret har redda mang ei samtale, skapt mange nye sosiale relasjonar, sikkert også sytt for nye parforhold. Eigenleg burde den eller dei personane som i ei unemneleg underleg stund må ha tenkt at vêret ikkje spelar noka rolle, gå i seg sjølve og saumfara tankebanane sine. På den andre sida: det er alltid godt å få stadfesta det sjølvsagde; ja, spesielt det sjølvsagde.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.