GPS-tryggleik og mistillitsamfunnet

Det er nok berre spørsmål om tid før me går rundt med GPS-brikker, i alle fall somme av oss. Påpasselege foreldre kan allereie leggja GPS-sendarar i skulesekkane til borna og på den måten følgja dei på veg til og frå skulen. Dei kan få melding på telefonen når dei forlet skuleområdet og når dei er heime i huset. Barnehagar ordnar med meldingar til småredde foreldre om når poden søv, har skifta bleie, eller kor stort matinntak han/ho har hatt. På den måten får dei mange meldingar i timen med detaljert og dokumenterbar informasjon om korleis barnehagelivet er for den vesle. Då slepp dei bruka tid på å snakka med barnehagepersonalet når dei hentar borna etter ein lang og strevsam arbeidsdag. Arbeidstakarar kan overvakast slik at det kan dokumenterast at dei utfører arbeidsoppgåvene sine på ein skikkeleg måte. Teknologsk er det meste klart for å gjennomføra det totale kontroll- og overvakingssamfunnet.

Eg får nesten dårleg samvit kvar gong eg fortel at eg vaks opp i ei tid og i eit samfunn der me som skuleungar gjekk på sjølvstyr mange timar for dagen. Skulevegen var i underkant av tre km. Me kunne møta både kjende og ukjende folk, ein og annan bil, hestar med kjerre eller reiskap. Heimatt frå skulen brukte me skuleborna ofte lang tid. Det var so mykje me skulle snakka om, undersøkja eller avtala. Ettermiddag og kveld møttest me til leik av ulikt slag, utan at ein einaste vaksen la seg opp i det.

Når eg fortel slikt, er svaret ofte at barndomssamfunnet mitt ikkje kan samanliknast med dei tilhøva som born veks opp under i dag. Det forstår eg sjølvsagt – eller gjer eg det? Eg strevar med å forstå at me er i ferd med å utvikla velferdssamfunnet vårt slik at mistillit ser ut til å vera normalforventning i samfunns-samhandlinga. Og endå er Noreg mellom dei landa der samfunnstillit er best utvikla. Som born hadde me hadde ein grunnleggjande tillit til det samfunnet me vaks opp i. I dag ville me nok ha vorte kalla naive og godtruande. I dag ser det ut til å vera allment tankegods at dersom me ikkje syter for ytre kontroll av stendig større del av omgjevnaden vår, vil det gå oss ille. Trua på det trygge livet er tufta på ei førestelling om at di meir me kan kontrollera, helst heile tida, di større tryggleik får me. Men eg strevar med å forstå at me med høgt utvikla teknologi skal kunna kontrollera og overvaka oss til eit godt samfunn. I mitt hovud kan ikkje velfungerande samfunn tuftast på ein grunnleggjande mistillit, med kontrolltiltak som det viktigaste bindemiddelet i samfunns-samhandlinga.

Framtidspessimisten i meg ser for seg eit samfunn der den eine halvparten av oss kontrollerer alt som den andre halvparten gjer. I mistillitsamfunnet er dette den ideelle maktbalansen. Eg tenkjer med vemod attende på den tida då eg hadde ansvar for ein etter måten stor kulturinstitusjon som fekk driftstilskot frå staten. Det årlege tilskotsbrevet frå departementet var på to-tre sider; storparten av brevet var sitat frå Stortingets løyvingsreglement med ein bodskap om at Riksrevisjonen når som helst kunne koma for å sjå korleis institusjonen brukte og forvalta det statlege tilskotet. Dei som i dag er so heldige å få statstilskot til verksemda si, får eit tilskotsbrev over mange sider med detaljerte føringar og krav i tillegg til endå fleire sider med sitat frå og tilvisningar til Statens økonomireglement. Det er nok godt meint, men samstundes målber tilkotsbreva ein tvil på om mottakarane eigenleg forstår korleis dei kan utøva god styringsskikk. Tilskotsbreva i mi tid var tufta på tillit. I dag kan det verka som om mottakaren heile tida må prova at ho/han ikkje er ein potensiell svindlar eller ein «klakaskadle» i omgangen med offentlege midlar.

Framtidsoptimisten i meg prøver hardnakka å finna positive element i det som skjer rundt oss. Og eg sjølv? Tja, eg er som vanleg litt i tvil. Det er tryggast å vera i tvil om framtida.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.