Fotografiet etsar seg fast

Fotografiet
etsar seg fast
under augneloka mine;
når eg blundar att,
fyllest synet
med den skrikande redsla
som lyser frå barneandletet,
der guten heng fast
i armen på faren,
på flukt frå elende,
vonløyse og vald,
på veg til samfunn
der dei er uvelkomne,
berre fordi dei
kjem frå feil land,
har feil tru,
har duglause leiarar,
har våga å tru
at framtida ligg i land
som gjerne vil læra verda
om rettferd, menneskerettar
og gode styresett.

Redsla i guteaugo
speglar seg
i blankpussa sjølvbilete,
som uroar seg
over nedgang på børs,
skatteauke og kostnadene
med slike redde barneaugo.
Blankpussa sjølvbilete
ser heller ein film
på Netflix.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.