Eg ryddar meg ut av kontoret

So har tida kome: eg skal slutta i ordinært arbeid og stilla meg opp i pensjonistrekkja. No skal eg ikkje vera svar skuldig lenger, når barnebarnet spør meg: “Kor lenge skal du arbeida på overtid, besten?” No er tida både over og inne.

Det er mykje praktisk å ta stilling til når ein skal pakka seg ut av eit kontor. Praktiske ting har eg aldri likt; dei lèt seg ikkje alltid utsetja. Du kan vanskeleg tvila deg fram til gjennomføring av praktiske ting, sjølv om eg prøver heile tida. Det er mykje enklare å tvila seg fram til ein tekst, eit notat, eit brev, eit taleutkast, ein artikkel. I verste fall kan du endra på resultatet, også etter det er ferdig. I alle fall likar eg å tru det. Rydding er ikkje slik. Du gjennomfører det praktiske der og då, og det er det.

Heldigvis har eg skifta kontor mange gonger, so på ein måte har eg gjort grovarbeidet over lang tid. Denne gongen har oppgåva likevel eit meir definitivt preg. Eg skal pakka meg ut av kontoret mentalt også. Haugar av dokument skal sorterast. Noko kan kastast direkte i papirkassen, men noko skal sorterast i blå sekkar; det må makulerast. Frå ark etter ark stig det opp minnebrokkar frå stunder då ting hasta, då formuleringar måtte justerast for ikkje å gjera livet vanskeleg for politikarane, og då tilsynelatande intrikate spørsmål skulle parerast utan at det i grunnen vart sagt noko.

Sjå der ja, den saka hadde eg heilt gløymt. Det gjekk bra til slutt. Som oftast vart nok utgangen positiv. Ting har ein tendens til å laga seg. Delar av eit skrivande yrkesliv passerer i minnet mitt etter kvart som ark og dokument flyg til rett endestasjon.

Bøker, rapportar, avhandlingar, policy-dokument frå fjern og nær, kva gjer eg med dei, no når eg snart er avrapportert? Det meste er tilgjengeleg i digital form, so då kan eg få tak i publikasjonane når eg måtte ha bruk for dei. Men so er det slikt som berre er i papirformat. På tvilande vis tek eg med meg dei eg vonar eg kan få bruk for. Livet har lært meg at nokre illusjonar må ein alltid ha. Realitetane tek tidsnok overhand.

Der ligg jammen helsingar frå personar eg møtte på reiser i utlandet. Skulle nok ha halde på dei kontaktane. Tida strakk berre ikkje til, det var so mykje som hasta. For seint no i alle fall. Foto frå langt attende i tida dukkar opp på botnen i ei skuffe. Du verda, dei kan nok ikkje brukast i det nye passet eg må skaffa meg. Kanskje noko for barneborna som kan sjå korleis besten såg ut før dei vart fødde.

Timane går, papirkassar fyllest, og sekkane med makuleringspapir veks, litt etter litt. Myrkret sig inn over verda utanfor kontorvindauga. Eg kan spegla meg i vindaugsglaset; ser ein person som sorterer dokument, som les og kastar, stundom hit og stundom dit.

Til slutt ser eg spegelbiletet av ein person som lèt augo vandra over eit tomt skrivebord, som sjekkar at alle skuffer er tømde før han legg lykelkortet på skrivebordet. Ljoset vert sløkt, spegelbiletet kverv; eg vandrar nedover korridoren, på veg ut i den verda eg ein gong kom i frå. Med ei blanding av glede og vemod høyrer eg lyden av inngangsdøra som går i lås bak meg. No går turen til avgangsklassen, der sjølve livet er skulemeister og eksamensresultatet er likt for alle. Mykje spennande ligg og ventar i denne klassen, om ein skal tru på det folk med lang røynsle frå avgangsklassen kan fortelja. Tida vil nok visa det, så lenge ein har henne.

Share

2 kommentarer til “Eg ryddar meg ut av kontoret

  1. Lars Bjaadal

    Gode deg,
    Tankane du delar er kjennslege, og takk for påminninga!
    Eg har prøva dette i heilt ulike arbeid.Men etter nokre dagar og vedmodet er på hell, så er det mange av oss som kjenner mest på gleda over meiningsfylt arbeid. ” Jag takkar livet ………”
    Storskulen var ei god avgangsklasse.

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Ja, Lars, du har so rett. Sjølv har eg vore svært heldig, både med arbeidsoppgåver og, ikkje minst, livet.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 + three =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.