Ferdaminne-dørskilt

2015-09-11 09.42.34

Dørskilt i Poggio, Elba.

La det vera sagt med ein gong: det var ei svært vellukka reise. Kona og eg har nett gjennomført ein vandretur i framandt landskap på øya Elba i Italia. I ei veke vandra me saman med ei lita gruppe trivelege folk og ein framifrå reiseleiar, den blide, hjartevarme og dyktige Eja frå Prima Travel. Me traska og gjekk over skogkledde åsar, opp bratte steinparti mot høgder og fjell og på turstiar langs stranda ved Middelhavet. Om ettermiddagen kunne me bada i eit varmt og salt hav. Dagane gav nye, spennande og gjevande impulsar. Me fekk lada batteria, slik det skal heita i ei tid der me alle på eit eller anna vis skal vera batteridrivne.

Sjølv har eg ein uvane når eg er på reise; eg fell lett i eigne tankar når eg legg merke til folk som går forbi, eller ser vindaugo eller andre detaljar i bygningar. Tankane trengjer seg på: tru kva menneske er du? Korleis er livet innanfor dette vindauga, denne døra, i dette huset? Slik kan eg forsvinna inn i ei eiga verd, der eg fablar meg inn i fullstendig meiningslause fantasiar om andre menneske. Stundom må omverda bokstavleg talt dra meg ut av fabeltilstanden for å få meg til å forstå at no skal me faktisk koma oss vidare.

Ta til dømes dette dørskiltet (sjå foto) som me gjekk forbi i byen Poggio. Ei uvanleg kreativ utforming av skiltet “Vakta deg for hunden” sette tankane i gang hjå meg. Er det eit par, einsleg dame eller einsleg mann som bur der? Utemiljøet kunne tyda på at det ikkje bur ungar i huset. Det var for ryddig til det. Er menneska bak den tunge eikedøra berre kreative til utvendig bruk, eller lever dei kreative liv 24 timar i døgeret? Utrykkjer skiltet at her bur person(ar) med sterk sans for ironi, eller er det berre rein og skir skaparglede og -evne som ligg bak? Løyner det sprudlande skiltet ei mørk og tung personleg livssoge i det vesle husværet i den tronge gata i Poggio, denne vesle byen nordvest på Elba? Svar får eg aldri, og det passar meg godt. Eigenleg er eg oppdregen til å halda avstand til det ukjende, spesielt til personar som legg for dagen sterke ynske om å dela privatlivet sitt med andre. Eg minnest kva far brukte å seia når han møtte folk som med stor entusiasme la ut om likt og ulikt frå privat- og familielivet. “Dei manglar utedør”, sa han, og det var ikkje positivt meint. Sjølv hadde han, til liks med andre i sin generasjon, både tjukk utedør og vid og høg mur rundt privatsfæren.

Me som er oppdregne til å setja pris på utedører både hjå oss sjølve og andre, kjenner oss stundom invaderte av opplysningar og detaljar som me slett ikkje er interesserte i, og som me heller ikkje hadde oppsøkt, dersom me hadde fått bestemma informasjonsflyten heilt og fullt sjølve. Det er truleg stendig færre som tenkjer slik. Det er nok meir vanleg å tenkja at me skal by på oss sjølve, som det heiter, og dermed vert det venta at me skal setja inn store, gjennomsynlege vindaugsruter i utedørene, fjerna gardinene i vindaugo og laga store opningar i privatsfæremuren. Eg kjenner meg litt hustren når eg tenkjer på det. Nei, la meg halda på både tett utedør og ein vid, litt høg mur. Der kan eg laga mine eigne førestellingar om korleis det kan vera bak slike dører og skilt som eg passerte tilfeldig forbi i Poggio. Og i det sjølvlaga universet som eg skaper bak døra og skiltet, risikerer eg ikkje å verta vonbroten over dei personane som faktisk bur der. På den andre sida, når eg tenkjer etter, ein ørliten titt hadde eigenleg vore spennande, om ikkje anna for å sjå kva hund som bur der.

Share

4 kommentarer til “Ferdaminne-dørskilt

    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Så hygggeleg,Linda, at du likar tekstane i ein seniorblogg. Litt annan type skriving enn det eg dreiv med i departementet eller i økonomianalysar for Nasjonalmuseet!

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen − 11 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.