Livsattest

2015-09-26 12.06.31 (2)«Levnadsintyg» står det på dokumentet framfor meg, med omsetjing til forståelege og uforståelege språk. Endeleg har eg fått det svart på kvitt: eg har ein attest som seier at eg er i live! I grunnen har eg ikkje vore særleg i tvil, men det er no greitt å vera 150 prosent sikker.

Det har seg slik at eg tidleg i yrkeskarrieren var so heldig å arbeida tre år i Sverige. Storarta år på alle måtar. Desse åra gjev meg rett til ein liten slant pensjonspengar frå Sverige no etter eg slo meg i lag med pensjonistane. Det er nyttig på fleire måtar; ikkje minst kan eg fylgja med på korleis valutakursen endrar seg frå månad til månad. Denne kunnskapen hadde eg aldri fått utan den svenske pensjonen.

Her om dagen fekk eg tilsendt eit skjema som eg skal returnera til den svenske «Pensionsmyndigheten». Eg skal skriva under på at eg er i live. Akkurat det tek ikkje mange minutt. Men mi eiga oppleving av å vera levande er ikkje tilstrekkeleg. Eg må få «godkänd myndighet» til å skriva under og stempla på skjemaet at eg faktisk er i live. Eg må altså kle på meg, gå ut i haustregnet og stavra meg fram til NAV, Politiet eller folkeregisteret for å få hjelp. Eg kan til og med oppsøkja Svenska Kyrkan, men det tykkjer eg er litt tungvint. Det får halda med ein vandretur her på Lillehammer.

I og for seg forstår eg at dei svenske styresmaktene treng stadfesting av at eg er den rette mottakaren av svenske pensjonspengar og ikkje ein PC i eit svindelnettverk som utnyttar mine namn og nummer. Kontroll er nødvendig, det forstår eg. Det som undrar meg litt, er at det ikkje skal vera mogeleg å få informasjon frå NAV, som er hovudarbeidsgjevaren min no. NAV vil fanga opp straks eg sluttar å vera i live, og då vil dei svenske pensjonsstyresmaktene få den meldinga som krevst for at dei kan stoppa utbetalinga til meg. Ein skulle tru at so lenge NAV held fram med å betala meg pensjon, burde det vera stadfesting nok for svenskane at eg er  i live. Slik er det nok ikkje. Eg må sjølv stadfesta at eg lever på det viset som er; NAV eller andre må med sjølvsyn og stempel konfirmera dette. Dette må eg gjera ein gong kvart år; det kan sjølvsagt henda mykje på eit år.

Når eg tenkjer etter, er det framifrå å ha eit dokument, med stempel og det heile, som stadfester at eg tassar rundt slik eit levande vesen skal gjera. Kvart år, før eg sender det attende, skal eg ta kopi og setja i ein perm, der det må vera plass til mange ark. Det er eigenleg ei velsigning med byråkratisk praksis som ikkje tillet nokon tvil. So lenge eg kan lesa dokumentet med tittel «Levnadsintyg», og so lenge eg forstår det som står skrive der, er eg tvillaust i live. Og dessutan, det hadde eg nesten gløymt: slike kontrollprosessar er svært positive for sysselsetjinga.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.