Leiartannhjulet

Det er ofte snakk om leiarar og leiing for tida. Det finst eigne utdanningsretningar, korte og lange kurs, eigne tidsskrift og bøker der leiarskap vert drøfta frå alle mogelege og umogelege perspektiv. Av og til er det uforståeleg for ein aldrande arbeidstakar at det skal nødvendig å bruka så mykje tid og krefter på spørsmål om korleis ein skal gjera ting, medan kva ein skal gjera, og kvifor ein skal utføra oppgåvene, har ein tendens til å koma i bakgrunnen.

Gjennom eit langt arbeidsliv har eg observert ulike leiarar. Har i grunnen aldri opplevt direkte dårlege leiarar, sjølv om dei har vore ulike på mange måtar. Nokre få kjennemerke har slått meg etter desse åra. Ein organisasjon eller institusjon kan på mange måtar samanliknast med eit godt, gamaldags urverk, der ei mengd tannhjul grip inn i kvarandre med eitt einaste formål: å få klokka til å visa rett tid. Dei ulike tannhjula har ulike oppgåver; stundom går dei til og med i ulik retning. Likefullt skal den totale tannhjulsdansen vera slik at klokka gjer jobben sin.

I ein institusjon er det avgjerande korleis leiartannhjulet fungerer. Det er eit tannhjul slik som dei andre, men har likevel nokre ekstra oppgåver som det er åleine om å ha ansvar for. Det verste som kan henda, er at leiartannhjulet surrar rundt for seg sjølv utan særleg kontakt med dei andre tannhjula. Dette hender rett som det er. Dei få gongene leiartannhjulet prøver å samhandla med resten av tannhjula, kjem det inn på feil plass eller går i heilt anna retning. Er leiartannhjulet av det einerådige slaget, brukar det makt for å trengja seg inn med sin fart og si retning. Ikkje sjeldan viser klokka både feil tid og feil årstid. Slike leiartannhjul manglar ei viktig innsikt: dei trur at alle andre tannhjul er til for å hjelpa leiartannhjulet. Dei forstår ikkje at det er omvendt: leiartannhjulet har berre ein funksjon, og det er å gå inn i den store samanhengen, for, saman med dei andre tannhjula, å få totaliteten til å fungera godt.

Diverre har eg litt for ofte observert desse sjølvsentrerte leiartannhjula som ikkje maktar å forstå at dei skal gå inn i heilskapen, tufta på ein analyse av kva som er best for totaliteten. Dei beste leiartannhjula slepp å markera seint og tidleg at dei er leiartannhjul. Dei berre er det gjennom på same tid å innordna seg og å driva fram totaliteten. Det gode leirtannhjulet er der det skal vera, til rett tid, med rett retning og med rett fart. Dei andre tannhjula merkar i grunnen ikkje at leiartannhjulet er der, dei berre merkar at ting går som dei skal gjera. Omverda merkar det ved at klokka viser rett tid, korkje meir eller mindre. Men i desse digitale tider kan ein vel ikkje venta at nokon forstår ei likning som tuftar seg på vag kunnskap om korleis eit urverk fungerer. I den digitale røyndomen er det berre verdiane 0 og 1 som gjeld, og for ein digital fåkunnig ser resultatet av og til ut til å blinka med raude minustal.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.