Punktert truverd

Det er ikkje til å tru; forsking viser at eg har hatt skralt truverd i alle år etter at eg lærte å skriva. I og for seg skal ikkje lyga på meg at alt eg har sagt og skrive, har vore like sætande. Men so langt har eg hatt ei oppfatning av at eg har hatt normalt truverd, slik midt på treet, til liks med dei fleste andre. Men her om dagen svalde eg nesten rangt då eg sat i fred og ro med morgonkaffien. Det stod svart på kvitt i avisa at når ein sluttar ei melding med punktum, so trur mottakaren at avsendaren ikkje er heilt truverdig. Sett slikt! Eg har heilt sidan prestefrua lærte meg å lesa og skriva, trudd fullt og heilt at punktum er den største velsigninga med tanke på å gjera seg forstådd i kommunikasjon med hittfolket. Eg har passa på som ein smed å setja punktum for å markera skilje mellom setningar. Punktum har vore ei rettesnor for meg på mange byte. Rett som det er har eg sett punktum og so gått vidare.

For meg har det vore slik at eg ikkje har hatt heilt tiltru til folk som ikkje brukar punktum, eller som slaurar med å setja teikn når dei skriv. Eg tenkjer på slike som durar i veg, skriv på innpust og utpust utan å setja eit einaste teikn. Eit himla jobb med å finna ut kva som kan vera meint, i alle fall for slike som meg som enno trur at det bør vera ei meining med tekst som skal lesast av andre enn skrivaren. Men no er verdsbiletet mitt snudd heilt på hovudet. Det er ikkje kven som helst som har funne ut at bruk av punktum svekkjer truverdet til den som skriv. Det er seriøs forsking, utført av universitetsforskarar i England. Dei har intervjua 126 studentar og funne ut at at meldingar som vert avslutta med punktum i sms-ar, vert oppfatta som mindre pålitelege og oppriktige enn meldingar som ikkje hadde punktum. Som om det skulle ha noko å seia at tekstane er på telefonar eller ikkje! Tekst er tekst, korkje meir eller mindre. Punktum er den viktigaste tekstordnaren, den som til og med kan gjeva ordskrøyv eit snev av meining. Og frå mi eiga studietid veit eg at å snakka med ein haug med studentar er på langt nær tilstrekkeleg for å forstå korleis verda der ute er og fungerer.

Eller er det kanskje slik at desse tekstkrypa som går under namnet sms, oppfører seg annleis med alt sitt fråvær av vokalar, manglande subjekt, ofte meir uforståelege enn reseptar frå dokterar? Eg har aldri likt desse korte bokstavkrypa, men eg brukar dei likevel dagleg. Eg er nok ein svært gamaldags sms-brukar; eg skriv orda fullt ut, set teikna der dei skal vera og avsluttar med punktum. Rettnok merkar eg at eg i vanleg prosa  bruker semikolon oftare enn før; sikkert ei form for teiknsykje som smyg seg umedvite inn i formuleringsuniverset. Likevel er det aldri snakk om å bruka semikolon i staden for punktum. Punktum er utan samanlikning det viktigaste teiknet som held styr på alt det rare som me formulerer og sender frå oss. Punktum finale!

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.