Tankar ved arbeidsslutt

Kva ventar der framme
når dagane ikkje
skal rutast opp
av definerte oppgåver
med tidsfristar og tilbakemeldingar?
Vert det eit liv
der tida berre er,
der tida ikkje går
og heller ikkje kjem?
Vil meiningsuniverset få form
som ein amøbe,
der det oppruta mønsteret
mister konturane?
Vil verda verta
ein framand stad,
der «fellesskap», «samhandling»
og «gagns menneske»
berre er ord
i ordboka?
Vert me lokka inn
i eit landskap
for sjølvopptekne sjeler
og skarpe albogar,
der fridomskamuflert velværehysteri
rår grunnen,
og der me må
klamra oss fast
i von om at
ingen stemmer oss ut?

Svaret er nok
det same som før:
me må bestemma det
sjølve.

Share

Én kommentar til “Tankar ved arbeidsslutt

  1. Jan Bjurgren

    Trøst deg, Magne. Jeg trodde jeg skulle få brukt fiskestanga mye mer enn jeg faktisk har fått brukt den. Frister og møter og revirmarkerende kontorrotter – jeg savner dem ikke. Men barn og barnebarn har fått enda større betydning, heldigvis.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.