“… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…”

I brevsamlinga som eg har etter besten min, Jakob Jonson Velure, (1863-1943), kjem eg  nær innpå synspunkt og tankar, av og til draumar, som brevskrivarane formidlar til besten min. Jakob-besten var i Amerika i perioden 1882 til 1891. Då han reiste i 1882, var han i fylgje med ein eldre bror, David Jonson (1853-1930).  David hadde reist over fyrste gongen i 1875 og hadde tydelegvis vore ein tur heim før han i juli 1882 tok med seg den yngre broren, Jakob-besten min. David returnerte til Noreg nokre år seinare, og i juni 1887 gifte han seg med Guri Olsdotter Edna (1862-1949) og slo seg til på Lofthus som skreddar.

David skreiv eit brev til Jakob-besten 4. desember 1887, eit knapt halvår etter at han var gift. Jakob -besten budde då i Cresco, Iowa. Det er heilt tydeleg at David funderer på å reisa attende til Amerika. M.a. lurer han på kvar han skal slå seg ned, dersom han reiser attende. Han klagar over at han arbeider mykje, men tener lite som skreddar i Lofthus-bygda: “… her er smaat med fortjeneste imod hvad det er i America…”, som han skriv. Han skriv òg at han forstår at Jakob stundom lengtar attende til Noreg, men trur ikkje Jakob vil trivast sidan det er so vanskeleg  med “fortjenesten”, som David snakkar om fleire stader i brevet. Interessant er det han skriv om at sjølv om ein kan klara seg bra i Lofthus-bygda, er det vanskeleg å vera heilt tilfreds “naar man har været i America”.

Det vart ikkje tur attende til Amerika for David. Han vart verande i Lofthus-bygda som skreddar til han døydde i 1930. Han og kona fekk seks born. David tok namnet Opedal, der huset hans var sett opp. Den lokale uttalen av namnet David var “Daoe”, og etterkomarane hans vart kalla “daoes-folket” heilt opp til våre dagar.

I 1892 var Jakob-besten komen attende til Noreg. Ein kamerat av han, Ole Lofthus, skriv i eit brev frå februar 1892 at Jakob snart må koma attende til Cresco. Ole skriv det meste av brevet på engelsk, iblanda eit og anna norsk ord. Det er heilt tydeleg at Jakob-besten hadde tenkt seg attende til Amerika, fordi Ole også spør kva han har tenkt å gjera med verdipapira han har i ein lokal bank. Han har høyrt rykte om at Jakob vil slå seg ned i Chicago når han kjem attende, men tilrår sterkt at han må koma attende til Cresco. Der er det gode prisar på skreddararbeid, og dessutan er det mange jenter som ventar på å verta gifte. Ole kan elles fortelja at det var mykje fest og moro i jolehelga. Ungdomane har starta opp att  ei “Ungdoms Forening”, der Ole er “president”. I andre brev frå Ole går det fram at han nok var ein lystig fyr.

Jakob-besten reiste heller aldri attende til Amerika. Til liks med broren David livnærte Jakob seg som skreddar i Lofthus-bygda til han døydde i 1943. To brør, begge frå strandsitjarhuset i Holo på Velure. Begge vart skreddarar, og begge var fleire år i Amerika som ungdomar. Begge vart verande på Lofthus etter dei gifte seg og fekk familiar. Begge bar kanskje på ein draum om å reisa attende til det store og lokkande landet der dei truleg hadde opplevt gode tider. Røyndomen vart eit skreddarliv i Lofthus-bygda. Stundevis var det nok strevsamt, men sannsynlegvis ikkje meir enn det var for mange andre i Sørfjorden dei fyrste tiåra av 1900-talet. Sut og gleda har det med å dukka opp hjå dei fleste, utan omsyn til tidsperiode.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 + 3 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.