Kinasyndromet

Nei, dette er ikkje ein tekst om ein kjend film frå 1979 som heiter «Kinasyndromet». Eg har ikkje sett filmen, men veit at innhaldet i filmen ikkje har samanheng med det kinasyndromet eg skriv om i denne teksten. Eg fekk fyrste gongen høyra om «mitt» kinasyndrom av ein tidlegare topp-politikar. Vedkomande hadde nokre år hatt eit sivilt arbeid og skulle over i ein ny posisjon, der eg hadde litt bakgrunnsinformasjon å gje. I ei svært hyggeleg samtale kom me inn på nokre observasjonar me begge hadde gjort opp gjennom åra. Då kunne vedkomande fortelja at det fenomenet me drøfta, vart kalla kinasyndromet i regjeringssamanheng. Kort fortalt er symptoma fylgjande: ein toppolitikar, ein institusjons- eller organisasjonsleiar o.l. vert påfallande interessert i internasjonalt arbeid eller i organisasjonsarbeid utanfor hovudbølet. Det fører med seg mange og lange reiser og periodevis lange fråvær frå det ordinære arbeidet. Det er også tydeleg at personar med kinasyndromet etter kvart vert meir og meir opptekne av dei ekstra oppgåvene. På heimebane derimot kan det verta litt murring. I nokre tilfelle kjem det evalueringsrapportar med sterk kritikk av tilstanden på heimebane.

Eg har observert mønsteret både i internasjonal og nasjonal samanheng. Ikkje sjeldan fungerer det slik at engasjementet utanfor eigen institusjon opplevest som sterkt meiningsfullt, ikkje minst fordi det kjem so mange positive tilbakemeldingar. Det kan nok vera godt å ta med seg slikt vellæte, spesielt når det snører seg til og skurrar litt på heimebane. Eg har sett ein glitrande leiar av ein internasjonal organisasjon få knallhard kritikk i ei evaluering for arbeidet på heimebane. Eg har også sett korleis ein norsk institusjonsleiar har fått ovasjonar som leiar av ein landsomfattande organisasjon. I eigen institusjon derimot gjekk det meir trått.

Det er lett å forstå korleis i og for seg oppegåande og dyktige personar finn det mest gjevande å bruka kreftene og evne der ein får mest positive tilbakemeldingar. Nokre lèt seg frista til å å bruka energien på det positive utanfor eigen institusjon, ofte i von om at det før eller seinare skal få positive verknader inn i eigen institusjon. Ofte vert likevel det sterke engasjementet utanfor eigen institusjon ei flukt frå problema på heimebane. Det gjev sjeldan ein vellukka slutt. No må eg sjølvsagt skunda meg å skriva at det finst sikkert døme på dei som kan kombinera aktivt engasjement utanfor hovudbølet med solid innsats på heimebane. Førebels har eg ikkje møtt slike eksemplar av manne-ætta. Men det er nok meir eit uttrykk for at dei fleste kjenner eg ikkje.

No treng ein ikkje vera toppleiar for å verta råka av kinasyndromet. Nokon kvar kan stundevis kjenna på hugen til berre å gjera det ein likar og dermed utsetja eller hoppa over det som ein ikkje likar so godt. Me andre har likevel nokon rundt oss som korrigerer oss med sterk eller mild hand. Toppleiarar har derimot både formell og reell fridom til å velja meir fritt. Og konsekvensen av kinasyndrom-oppførsel for ein toppleiar kan vera meir alvorleg enn for andre. Om golvvasken vert utsett to dagar, har mindre konsekvensar enn om toppleiaren er so oppteken med utanforoppdrag at aktiviteten på heimebane går i stå.

Apropos golvvask: det er nok på tide å setja punktum og finna fram golvbytta.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.