«Understøttes af Fattigvæsenet»

Tittelen er teken frå ein merknad i folketeljinga for 1865, og merknaden gjeld hushaldet til eine oldebesten min på farssida, Jon Davidsen Velure (1820-1891). Han var strandsitjar utan jord, og etter kvart som dei 10 borna vart 12-13 år, vart dei sende på legd eller borttinging til ulike gardar i indre Hardanger. Systemet var slik at dei gardbrukane som krov minst pengar for å ta inn born som trong hjelp frå fattigvesenet, dei fekk tilslaget. I 1865 var to av borna plasserte. Trulegvis var ho Brita, fødd 1851, tenestejente på Eitrheim i Odda, og me veit sikkert at han David, fødd 1853, heldt til på Haustveit. I heile skulekrinsen var det berre oldebesten som hadde denne merknaden. Det fortel litt om tilstanden for familien, som i 1865 hadde fem heimebuande born.

I tidlegare tekstar har eg skrive litt om korleis det gjekk med dei fire som drog til Amerika og vart verande der, to jenter og to gutar. To av gutane var ein tur til Amerika, men slo seg ned i på Lofthus. Den eine av dei var besten min, Jakob Jonsen Velure (1863-1943). Tre av dei andre jentene vart gifte i Sørfjorden. Eg har ingen dokumentasjon av det, men det tyder på at dei vart gifte i det området dei flytte til som legdslemer.

Den eine guten som vart verande i heimedistriktet, var Olai Jonsen Velure (1868-1928). Han kom som legde- og tenestegut til Alvsåker, og der vart han verande og tok seinare namnet Alvsåker. Eg har nokre brev som han skreiv til besten min då han var i Amerika. Det eine er frå 1885 og det andre frå 1887. Begge gjev interessante kvardagsopplysingar om livet som tenestegut på Alvsåker. Han klagar over svært hard arbeid. Han skriv at sommaren 1885 har dei stått opp fire-halv fem om morgonen, og middagspausa har ikkje vore meir enn ein halv time. Han er misnøgd med husbonden fordi han ikkje har betalt han for det det året han har vore der. Sist vinter arbeidde han på eiga hand i skogen og skaffa seg pengar på den måten. Han vil difor gå i skomakarlære komande vår (1886).

I brevet frå 1887 er han framleis på Alvsåker. Det vart ikkje noko skomakarlære, fortel han. I staden skal han arbeida i 10 veker for fem kroner veka. Fem år seinare gifter Olai seg, då er han oppført med bøkker (tunnemakar) som yrke. Han slo seg ned på ein husmannplass på Alvsåker, og han og kona Anna Bergesdotter Oma (1866-1937) fekk sju born.

Dei 10 fattigborna frå Holo på Velure kom seg fram i livet på ulik vis. Me veit at livet vart strevsamt og hardt for fleire av dei. Karakteristisk nok spreidde dei  seg over eit stort område, dels i Amerika, dels i Hardanger. Folk måtte flytta der dei kunna skaffa seg arbeid. Kravet om å flytta på seg prega mange bygder på slutten av 1800-talet. Det var nok typisk for husmannssønene å finna seg eit handverk som dei kunne leva av: skreddar, skomakar, snikkar, bøkker. Seinare baud ein veksande industri leveveg for mange. Å gifta seg til gard høyrde nok til draumeverda for det store fleirtalet. Teoretisk utdanning var også godt plassert i draumane for dei fleste. Jentene på si side vart ofte gifte i dei bygdene der dei tok seg teneste. Og nett slik var nok språkbruken på den tida: kvinnene vart gifte, karane gifte seg.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.