Handtrykket

handtrykk Eg vil skriva litt om handtrykket, ja, du veit det du får når du handhelsar på folk. I bøker om skikk og bruk finst det sikkert grundige beskrivingar av korleis eit handtrykk skal gjennomførast. Eg har aldri lese dei. Det får halda med personleg erfaring etter naturmetoden.

Du hendelse so mange ulike variantar handtrykk det må finnast! Her er det berre plass til nokre hovudversjonar. La meg starta med den brutale varianten, som oftast utført av ein mannsperson. Du kjenner handa di forsvinna inn i ein skikkeleg labb. Før du veit ord av det, kjenner du korleis bein og senar vert krysta saman, og du lurer på kor langt det er til næraste legevakt. Meir som ein refleks prøver du å spenna litt i mot, men innser snart at det er fåfengt. Det er betre å gjera handa heilt slapp og vona at bamsetrykket vert avslutta so snart som mogeleg utan at du treng belasta helsevesenet. Det er mogeleg at eigarar av bamsehandtrykk meiner det vel når dei på denne måten nesten skamfer folk, ofte med ei buldrande helsing om kor triveleg det er å møtast.

For å balansera bamsehandtrykket går eg til det andre ytterpunktet. Du rettar fram handa, og ein slapp masse smyg seg inn i handa di. Assosiasjonane går til fiskepudding eller anna ettergjevande materiale. Du kjenner det er noko i handa, men det manglar liv og kraft. Det er like sjokkerande kvar gong, og du lurer på kva dette mennesket kan vera laga av. Er det i tillegg vanskeleg å få augekontakt, er du i villreie om kva person dette eigenleg er. Stundom kan det slappe handtrykket likevel lura deg. Personen med dei slape luffane kan vera retteleg triveleg, fast i fisken og tydeleg i kantane. Kanskje har dei møtt på so mange bamsehandtrykk at dei har lagt seg til fiskepuddinghandhelsinga som det normale, som ei form for forsvarsmekanisme. Men instinktivt gjer fiskepuddingvarianten meg litt mistenksam og usikker.

So har me likevekthandtrykket, der du kjenner at den du helsar på, tilpassar handtrykket sitt til den krafta du sjølv legg i handhelsinga. Det er snakk om handtrykk der begge partar “lyttar” til den andre og tilpassar handtrykket slik at det fortel om eit rett fram møte mellom to likeverdige. Hendene møtest fast og tillitsvekkjande utan å vera klengete. Dei fleste me møter, er vonlegvis på dette handtrykkssporet. Slike handtrykk kan i alle fall vera ein lovande start på eit møte.

I den seinare tida har det dukka opp ein annan variant: det digitale handtrykket. Du kan sjå det og kanskje høyra det, men du kjenner det ikkje. Du ser ein kjenning koma i mot deg. Ut av munnregionen høyrer du “Halla!”, og du ser at skapningen gjennomfører eit stakkato bukk med hovudet. Augo er feste med Karlsson-lim mot ein smarttelefon, og tommeltottane går som trommestikker mot telefonen. Innimellom kjem det nokre uforståelege lydar som etter kvart lèt deg forstå at kroppen er so oppteken at han ikkje har tid å snakka med deg. Han kommuniserer at han skal senda ein sms seinare. Slike gongar kjenner eg at gardinene går ned rundt meg. Eg observerer ein skugge-skapning som trivst i ein digital silo der han kan tasta på utan å måtta møta levande skapningar. Slike gongar stig det opp i meg ein umåteleg lengt etter ein person med bamsehandtrykk, og som buldrar laus at det er godt å møta meg.

Blogglistenhits

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five + 14 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.