Det vanlege og usynlege

Det burde eigenleg skrivast meir om det vanlege kvardagsmennesket, om den store majoriteten som ikkje synest i media, og som heller ikkje ynskjer å vera i søkeljoset. Dei som er profesjonelle skribentar, dei skriv helst om alt som er synleg, godt synleg, for det er det folk vil lesa om, er det nokon som har fått oss til å tru. Og dersom dei profesjonelle skribentane skulle skriva om dei usynlege, ja, då vips, er dei ikkje usynlege lenger. Då er dei synlege so det held, og det vanlege og usynlege skin på mediehimmelen. Dei vert synlege som representantar for det vanlege og usynlege. Og å synast for ein som likar å vera usynleg, er ikkje enkelt. Det er rett og slett vanskeleg.

Utfordringa er difor å skriva noko positivt om dei usynlege, men utan at dei vert synlege. Det er snakk om ei varsam hylling til alle dei som berre er der, kvar dag til rett tid og på rett stad, og som utfører arbeidsoppgåvene sine, store eller små, og syter for at alt går som det skal. Orda burde retta seg til alle dei vanlege som ser til at alt fungerer, ja, som gjer det mogeleg for det vesle fåtalet som stendig er synlege, å vera nettopp det – synlege. Utan den store grå massen vil det ikkje vera mogeleg for nokre få, tilfeldige figurar å vera synlege, i tide og utide.

Me lever i den villfarande trua at det å vera synleg er det same som å vera viktig. Me føresteller oss verda som ei stor scene, der dei som av ulike og ofte uforståelege grunnar har hamna fremst på scena, også er dei viktige, for ikkje å seia dei viktigaste personane. Kanskje er det greitt å la dei vera sæle i trua si om at dei er viktige, fordi dei har makta å gjera seg synlege. Kanskje er det like godt, for då veit ein kvar ein har desse figurane. Når dei er godt synlege, dukkar dei ikkje uventa opp. Det er meir uventa at dei ikkje dukkar opp.

Dei vanlege og usynlege burde framsnakkast rett og slett fordi dei er mykje viktigare i den store samanhengen enn dei etter måten få synlege figurane. Det burde slåast eit slag for dei som aldri trår etter å vera fremst på scenekanten, dei som ikkje eingong vil sitja bak på scena. Dei som ikkje vert lagde merke til av ukjende når dei går på gata eller parkerer framfor butikken. Ein burde framheva alle dei som nøyer seg å vera synlege i krinsen rundt seg, i familien, mellom vener, mellom arbeidskollegaer på arbeidsplassen og i arbeidsfellesskap i det frivillige organisasjonslivet. Dei som aldri kan tenkja seg å vera i samfunnsljoset, men som tykkjer det er meir enn nok å lesa og høyra om dei som likar å bada i medie- og samfunnsljoset.

I ei tid der so mange er villige til å gjera nesten kva som helst for å verta lagde merke til, kan ein stundom få inntrykk av at det vanlege og usynlege vert oppfatta som ein traurig tilstand, nesten med ein diagnostisk dimensjon. Dei verkar nesten litt mistenkelege desse som lever liva sine i stoisk ro, utan å vera opptekne av å koma på fjernsyn, vera med i radiokonkurransar eller få omtale i aviser og anna presse.

Å skriva om at ein burde skriva om dei vanlege og usynlege, er ei forvirrande øving. Ein ramlar ut i ein dam av paradoks: å understeka det vanlege i skriftleg form er med å gjera det uvanleg. Å framheva dei usynlege, er med på å gjera dei synlege, sjølv om ein legg vinn på berre å bruka upersonlege formuleringar. Den einaste måten å la dei usynlege få vera usynlege, er kanskje å korkje skriva om dei eller nemna dei. Men no har eg allereie gjort det, til og med i seks avsnitt. Å skriva om det vanlege og usynlege skal ikkje vera lett.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.