Det vert vel vår

Det nye livet dansar
bortetter perrongen,
svingar seg lett
inn på toget,
vender seg,
vinkar smilande
til det levde livet,
som står på perrongen
og ser toget kverva
inn i framtida.
Aprilsola penslar
varsam varme
over andletet;
det vert vel vår
– endå ein gong.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.