Usemje

Mange har vanskar med å leva med usemje, ser det ut til. Somme vert rasande galne, som me sa i barndomen. Krenkte både bak og framme, auser dei ut sinne og anna styggeskap i nettheimen mot dei krapyla som meiner og tenkjer noko anna enn dei. Sjølvrettferda boblar over, og ukvemsord og personkarakteristikkar flyt som grumsete lavastraumar frå ein overfylt utedo. Somme har tydelegvis ikkje klart å kvitta seg med reaksjonsmønsteret til småungane. Det er berre hamen som ser vaksen ut, medan småbarnsfaktene tek heilt overhand i møtet med det som dei er usamde i.

Då er heldigvis vitet til å leva med usemje betre utvikla i det politiske livet, i alle fall stort sett. Temperaturen kan sjølvsagt verta høg i politiske ordskifte, men det aller meste går føre seg i siviliserte former. Når ein har arbeidd mange år i det departementale systemet, lærer ein seg at usemje er det normale. Usemje må ein kort og godt vera budd på heile tida. Det meste ein skriv, som skal ut i ålmenta, vil få kritikk frå nokon som er usamde. Dei som sit med makta i regjeringsposisjon, må alltid rekna med at opposisjonen nyttar kvart høve til å kritisera og på annan måte markera usemje. Det er ein av botnplankane i det politiske systemet slik me kjenner det i landet vårt. Maktar du ikkje å leva med kritikk og usemje i eit slikt system, har du mange vonde dagar.

Eigenleg er den verbale kampen mellom dei som er i regjeringskontora, og opposisjonen på Stortinget eller ute i samfunnet, eit fascinerande spel med språket som hovudinstrument. Sjølve spelet er det same uavhengig av kva partifarge som sit i regjeringskontora. Opposisjonen på Stortinget har ulike metodar for å utfordra ein statsråd eller heile regjeringa. Ulike typar spørsmål, interpellasjonar eller såkalla representantforslag er mellom metodane opposisjonspolitikarane bruker for å ruska litt i statsrådane. Når spørsmål, interpellasjonar eller representantforslag dukkar opp, skal embetsverket å laga utkast til svar. Stundom kunne det vera små feststunder, spesielt når spørsmålet tydelegvis var tufta på mistydingar eller direkte feil bruk av t.d. tal og statistikk. Då galdt å styra trongen til å laga sarkastiske eller infame svar. Sjølv om spørsmålet vitnar om kunnskapsløyse, skal svaret vera høfleg og sakleg. Eg hugsar ein gong at hovudargumentasjonen bak eit representantforslag var tufta på ei fullstendig feil tolking av statistikk. Feilen gjorde at logikken i representantforslaget vart litt frynsete. Då galdt det å gje statsråden formuleringar som på ein høfleg måte gjorde greie for at representantane bak forslaget nok hadde mistydd talgrunnlaget. Samstundes skulle svaret vera sopass skarpt at det ikkje var tvil om at forslagsstillarane burde ha sett seg betre inn i grunnlagsmaterialet før dei laga forslaget sitt.

Det er ikkje berre mellom posisjon og opposisjon det er usemje. Usemje kan det so absolutt vera internt i ei regjering òg. Det er likevel sjeldan at slik usemje vert kjend. Då eg tidleg i departementskarrieren fekk skriveansvar for ei stortingsmelding, skulle teksten også ta for seg eit saksfelt som låg inn under ein anna statsråd. «Min» statsråd og den andre var usamde om konklusjonen, og det tok tid å få dei to til å drøfta saka ferdig. Me hadde svært knapt med tid og bestemte då at me skulle senda meldinga i trykken før dei to statsrådane var ferdige med drøftingane. Det gjorde me på den måten at me skreiv to alternative og heilt motsette konklusjonar inn i meldingsteksten. Me fekk ein konklusjon rett før andre korrektur, so då var det å bruka seine nattetimar for å passa på at rett konklusjon vart ståande, og at alle spor av den «galne» konklusjonen vart fjerna. Kven som vann? «Min» atatsråd tapte, men veka etterpå forsvarte vedkomande meldingsteksten like overtydande som om vedkomande hadde laga teksten sjølv.

Usemje kan vera sunt, i alle fall somme gonger. Sivilisert handtering av usemje gjer at samfunnet utviklar seg. Den som ikkje maktar å handtera usemje, får eit vanskeleg liv, anten det er i eller utanfor det politiske systemet.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.