Antring

Hender det at du antrar? Du veit kanskje ikkje kva ‘antra’ betyr? Då skal eg gje deg eit lynkurs i antring. Her er ein typisk situasjon: du har avtalt å møta nokon. Dei er ikkje heilt presise, men kjem ei stund etter avtalt tid. Ventetida bruker du til å sjå på klokka, gå litt kvilelaust rundt i huset medan du held auga med inngangspartiet. Då antrar du; du ventar på at nokon skal koma eller noko skal skje; er litt utolmodig og er sterkt oppteken av tida og tidspunktet. I Norsk Ordbok står tydinga «sviva (att og fram, uroleg, uviss), vera nervøst uroleg, masut». Hardanger står oppført som område der denne tydinga finst. (For den interesserte kan Norsk Ordbok elles opplysa om to andre tydingar av ordet ‘antra’. Dei bruker eg ikkje tid på her.)

På busshaldeplassar, på togperrongar og i flyavgangshallar kan du når som helst observera antrarane. (Substantivet ‘antrar’ eksisterer kanskje ikkje, men eg treng ordet til denne teksten.) Den stendige kikkinga på klokka, på informasjonstavler og uroleg vandring fram og attende avslører antrarane. Dei ventar og forargar seg over at ikkje buss, tog eller ombordstiging på flyet skjer til oppsett tid.

Eg er ein antrar og skjemmest ikkje av det. Eg maktar aldri å bruka ventetida før noko skal skje, til anna enn å venta – og antra. I tidlegare tider då det hende at eg heldt foredrag og innlegg i inn- og utland, gjekk eg inn i ei antrings-boble ei stund før eg skulle i elden. Då var eg ekstremt usosial, prøvde å unngå folk som ville snakka med meg. Konsentrasjonen var retta inn mot det eg skulle utføra; det var ikkje plass for noko anna enn å bu seg til det eg skulle gjennomføra.

Det er eigenleg trygt å vita at også kjende personar kan vera antrande. Hausten 1985 var eg medlem av den norske delegasjonen som deltok på ein stor konferanse i Budapest mellom austblokklanda og vestlege land. Arrangør var OSSE (Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa). Dette var under den kalde krigen, og målet med konferansen var å finna ut om kulturområdet kunne brukast til å betra samarbeidet mellom aust og vest trass i politiske motsetnader. Den norsk delegasjonsleiaren, ein kjend norsk diplomat, skulle halda det norske hovudinnlegget i plenum. I halvtimen før han skulle halda innlegget, gjekk han uroleg rundt i den store salen og konsentrerte seg. Han sa det sjølv at trass i lang røynsle med slike innlegg gjekk han alltid kvilelaust rundt medan han konsentrerte seg om teksten og framføringa.

Antring høyrest i grunnen litt kvardagsleg ut. I tillegg er det få som kjenner ordet. Eg har difor kome til at at eg vil kalla denne antringa for kreativ konsentrasjon. Det meste verkar å vera so gjennomtenkt når noko er kreativt, for ikkje å snakka om når noko er innovativt. Kreativ konsentrasjon høyrest fint ut, det er rett og slett framtidsretta og berekraftig. Kreativ konsentrasjon kan forkortast til KK, og alt ligg til rette for å laga kurs i KK.  For dei som verkeleg vil gå djupt inn i kunsten å antra, kan det sikkert utviklast opplegg med personlege trenarar i antring. Å vera KK-coach må vera umåteleg spennande. Imponerande tittel er det òg.

So kjem det store spørsmålet: er du ein antrar? Før du konkluderer, skal du vita at antrarar kjem (nesten alltid) presist til møte og andre avtaler. Er du usikker og trur du treng eit kurs, kan underskrivne formidla kontakt til ein KK-coach.

Share

2 kommentarer til “Antring

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.