Snusleppa

Ein gong fornærma eg ein kar dugeleg. Det er på ingen måte den einaste gongen, at eg har fornærma nokon, men eg vil avgrensa meg til denne eine hendinga. Det er ein del år sidan no. Me såg kvarandre ikkje so ofte, men me prata litt om laust og fast, dei gongene me møttest. Ved eit høve tykte eg han såg litt underleg ut i munnpartiet. Han likna so binande på meg sjølv den gongen eg hadde tryna skikkeleg og overleppa svall opp. «Har du slått deg?», spurde eg og var klar med oppfylgjande trøystande ord om at det ville gå over etter ei stund. Han såg på meg med flakkande blikk; so såg eg at overleppa endra fasong; han gjorde noko med tunga og leppa fekk normal utsjånad. «Det er berre snus», sa han, litt brydd og litt irritert. Det vart ein kort samtale. Eg forstod at no hadde eg trakka på ei øm tå, for ikkje å seia, støytt borti ei halvgod leppe.

Kanskje er det lurt å snusa. Då kan alle sjå at ein har ei last. Ofte høyrer eg at summen av laster er konstant. Då kan det vera greitt å ha laster som omgangskrinsen ser og veit om. Snusing, røyking, drikking og slikt fortel omgjevnadene at javel, det er kanskje ikkje det smartaste å gjera, men me ser i alle fall kva laster snusarane, røykjarane og drikkarane har. Då er det verre med dei som ikkje praktiserer slike synlege laster. Kva kan slike personar ha for seg, når summen av laster er konstant? Det er eggjande for fantasien og grendesladder å fundera på kva som kan gøyma seg bak eit ullteppe av ikkje-identifiserbare laster. Dei må no vera der, ein eller annan stad!

Eg kjenner ein annan kar som snusar, men elles er han rimeleg lytelaus. Namnet skal vera unemnt. Snusleppa hans fortel tydeleg kva sinnsstemning han er i. Når snusposen er godt plassert under overleppa, er han roleg og balansert. Då kjem dei kjappe replikkane trillande som grønerter utor ein sund snyttapose. Av og til skiftar han snusposen frå den eine munnsida til den andre. Skjer dette samstundes som han smiler, får du eit glimt av snusposen og kan sjå av fargen om posen er ferdig utsogen eller ikkje. Når denne snusaren er opprørt, og det hender berre av og til, då får snusposen ei hardtunga behandling i munnen. Er han heilt i ekse, fortel munnrørslene at snusposen går i åttetalssvingar i kjeften. Eg har aldri forstått korleis han får det til; det må vera akrobatikk på høgt nivå.

Forvitneleg korleis snusposen og snusleppa kan fortelja om sjelelivet til ein person. No har eg ikkje studert dette på andre enn denne snusaren, so empirien er litt svak, for å vera litt sjølvkritisk. På den andre sida, her ligg eigenleg eit spennande forskingsprosjekt og ventar på den som maktar å skaffa seg forskingsmidlar. Det er visstnok populært med forsking som viser at ein einaste faktor kan forklara det meste. Det er berre snakk om å spissa problemstillinga litt, slik at ho vert aktuell og relevant, som det heiter. Kva med dette: «Snusleppa som indikator på emosjonelle prosessar med hovudvekt på mindfulness». Høyrest ikkje det flott ut? Sjølvsagt må ein laga eit skikkeleg opplegg med blindtest og det heile. Eg stiller gjerne i kontrollgruppa, dvs. dei som ikkje snusar. No er eg ikkje so driven med blindtestar, so eg gjev ideen gjerne i frå meg til den eller dei som måtte ha dei rette føresetnadene til å ta dette vidare. Det er ikkje kvar dag det kjem rekande gode idear i bloggarland, i alle fall ikkje idear som til og med er gratis og utan noka form for slik reklame, som ingen har bede om. God forsking!

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.