Tillit

Tillit er ikkje berre enkelt. Sjølv vaks eg opp i eit lite bygdesamfunn som var tufta på tillit, men med klåre rammer for kva som sømde seg. Me hadde tillt til dei vaksne og omgjevnadene. Etter kvart som me vart litt større, fekk me tillit og ansvar, og me forstod tidleg at me måtte leva opp til den tilliten som vart vist oss. Det var til gagn for oss. Tilliten var kanskje på kanten til å vera godtruande somme gonger.

Det fyrste skikkelege tillitsbrotet opplevde eg då eg som 14-åring var dreng på det lokale handelslaget på på Lofthus. Eg skulle ha ansvar for å selja bensin frå to bensinpumper og elles hjelpa billistar med å etterfylla olje på bilane, når det trongst. Stundom fekk eg også førefallande arbeidsoppgåver på sjølve handelslaget. Bensinsalet gjekk greitt; folk var hyggelege og takksame for litt hjelp. Ein dag kom ein mann i i ein Opel Kapitän. Han var kledd i svart bukse og kvit skjorte. Truleg var han frå Bergens-kanten. Munnen gjekk i eitt; han fortalte at han skulle eit ærend til Tyssedal. Då eg hadde fylt opp tanken, sa han at han diverre ikkje hadde kontantar på seg. Men han kom forbi dagen etter på veg frå Tyssedal, og så skulle eg få betaling. Eg vart nok litt i stuss; samstundes var det litt fornuft i at han kunne stoppa dagen etter for å gjera opp for seg. Det var mange lokale som handla på krita og betalte seinare på handelsslaget. Eit ord er eit ord; sopass hadde eg lært.

Dagen etter gjekk eg og såg etter bilen. Ingen kom, og ingen stoppa. Pengane kunne eg sjå langt etter. Småkjeltringar og svindlarar hadde eg lese om i romanar og aviser, men aldri møtt nokon i levande live, før denne sommardagen då eg var 14 år. Det var berre å gå til handelsstyrar Brekke og fortelja om det som hadde hendt. Eg stod der so syndene draup av meg. Han vart alvorleg, men ikkje sint. Han forklarte at slikt kunne eg gjera med ukjende folk. Eg hadde nok rekna med at dei tapte pengane skulle takast av løna mi, men nei då, Eg haddde fått ein lærepenge, var litt meir skeptisk og mindre godtruande.

Sidan eg hugsar hendinga so godt, betyr det at ho gjorde sterkt inntrykk. Mangel på tillit, eller mistillit på systemnivå, møtte eg under den store OL-utbygginga på Lillehammer i åra før 1994. Som leiar på Maihaugen og ansvarleg for ei stor utbygging fekk eg mykje med utbyggings- og gjennomføringsorganisasjon LOOC å gjera. Etter mange års samhandling både med kommunar, fylkeskommunar og departement vart eg overraska over den gjennomgåande mistillitshaldninga som kom fram i samhandlinga. I avtaletekstar og kontraktar skein det gjennom at som motpart måtte ein nærast bevisa at ein var eit fornuftig og skikkeleg menneske. “Normalsituasjonen” såg ut til å vera at motparten ville lura LOOC so snart det baud seg eit høve. På ein måte kunne eg forstå det. Samstundes irriterte det meg at ein i utgangspunktet vart so å seia rekna som upåliteleg.

Seinare har eg sett den klåre tendensen til at samhandling i samfunnet i veksande monn er tufta på mistillit, snarare enn på tillit. Ta til dømes institusjonar og organisasjonar som får støtte frå det offentlege. Gjennom ei mengd rapporteringsrutinar må leiinga dokumentera og bevisa at ein kan forvalta offentlege midlar på ein fornuftig og lovleg måte.

Somme gonger høyrer ein om personar i maktposisjonar som forvekslar tillit med lydnad. Dei trur at gjennom det å ha makt, har dei automatisk tillit, og dermed krev dei lydnad. Dei gløymer noko vesentleg: Tillit er noko du får, dersom du fortener det. Tillit må ein arbeida for, heile tida. Tillit kan aldri vedtakast. Du kan heller aldri krevja tillit, det vil alltid mislukkast. Du kan krevja lydnad, men eit samfunn tufta på lydnad utan tillit, er eit fattigsleg samfunn.

Share

4 kommentarer til “Tillit

  1. Johannes H. Sekse

    Koseleg å lesa. Stø og god nynorsk. Eg er imponert både over det du skriv, måten du skriv på og tema du tek opp. Her er det mykje å hausta. Har du nokon gong vurdert å samla noko av dette, og evt. gje det ut?

    Helsing
    Johannes

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Takk for gode ord, Johannes! Nei, eg har ikkje tenkt på å gje ut. Tekstane er digitale og flyktige, slik den moderne tida gjerne er.

      Svar
  2. Elisabeth Jones

    Ja, dette var nok en tekst å fundere over og tenke på! Fu berører så mange situasjoner i samfunnet/ i hverdagen ? Takk Magne!

    Svar
  3. Kari Skotte

    Bloggene dine gir dyp hvile til en rotløs sjel. Som en medisin jeg kan oppsøke fritt og når jeg vil. Takk.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 − fourteen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.