Skrømt på høgljos dag

Når ein bur nett ved eit sjukehuskompleks, slik me gjer i LIllehammer, hender det at det dukkar opp folk på gardstunet på leit etter noko på sjukehuset. Til dømes kjem det ender og då søkjande kvinner, stundom heilt inn i gangen, og undrar om dei har kome til mammografisenteret. Kvar gong må eg forklara at det ikkje er råd å få konsultasjonar i dette huset, men går dei to hus opp i gata, er det nokon som ventar på dei med opne armar. Slik hender det at eg gjer kvinner ei beine.

Her om dagen stod det to unggutar på gardsplassen. Begge var fullfikserte på telefonane sine, som om dei brukte dei som kompass. Eg gjekk ut og spurte om eg kunne hjelpa dei med noko. «Han var her nett», svarte den eine utan å sjå opp frå telefonen. Fyrst tenkte eg å visa dei over til Psykiatrisk dagklinikk, som ligg på andre sida av parkeringsplassen. Men so kom eg på noko eg nyleg hadde lese i avisa. Det var noko om ein digital figur, Pokémon, som kunne dukka opp på telefonar som hadde det rette programmet til å leita etter skapningen. Då forstod eg at det var pokémonjegerar som hadde vitja eigedomen min. Dei enste meg knapt, men jakta vidare over gata, inn på parkeringsplassen, i retning Psykiatrisk dagklinikk. Korleis jakta gjekk, høyrer ikkje til denne soga.

Denne digitale figuren er meir som skrømt på høgljos dag å rekna. Men i staden for å søkja seg vekk frå skrømt, jaktar ein på dette skrømtet. Jegerane får visstnok poeng for å finna flest mogeleg. Eg kjem i hug barndomens redsle for skrømt, eller andre skumle ting som kunne dukka opp når eg gjekk heim seine haustkveldar etter å ha vore for lenge hjå kameratane. I stummande mørker (gateljos var noko eg knapt hadde høyrt om) gjekk eg og tenkte på skumle episodar frå Hardygut-bøkene, eller forteljingar om Knut Gribb. I fullt tan ynskte eg inderleg at uteljoset på huset heime skulle dukka opp, raskare enn svint. Det gjekk godt kvar gong, korkje skrømt eller skumle personar dukka opp. Trygt inne i gangen heime kunne eg pusta ut, av og til både sveitt og varm.

No ser eg stendig fleire som strenar rundt med augo limte til telefonen på jakt etter dette digitale Pokémon-skrømtet. Sjølv har eg forstått at neste gong nokon stoppar rett framfor meg og utbryt «No tok eg deg!», so skal eg korkje verta smigra eller skræmd. Eg har berre vore so heldig at ein viss Pokémon har søkt tilflukt nær meg. Eg ser ikkje kva som går for seg og er eigenleg ikkje ein del av den individuelle jakta midt i den store fellesskapen. Det heile er nok eit døme på korleis mange gjerne vil smelta saman fiksjon og røyndom; me ser gjerne at fiksjonen skal verta realitet, og ynskjer at røyndomen var fiktiv. Og kven veit? Kanskje kan me  nokon kvar verta so gjennomdigitaliserte at me kan konverterast til digitale skrømt i framtida? I so fall kan eg tenkja meg å vera eit namnlaust skrømt. Det er passeleg mystisk og eit skrømt verdig.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.