«Folkevandringa»

Nei då, dette er ikkje ein tekst om folkevandringstida i historisk meining, den som fagfolk meiner var mellom år 400 og siste halvdel av 500-talet e.Kr. Dette er eit lite glimt frå tida etter andre verdskrigen og framover til 1970-talet i fruktbygdene i Sørfjorden. Tidleg lærte me ungane at kvart år, frå mai til oktober, kom det mange utanbygds ungdomar for å arbeida på gardane. Det var som ei lita «folkevandring», sjølv om arbeidsvandring nok er eit meir presist omgrep. Tauser og drengjer kom talrike til bygdene; sunnhordlendingar, strilar, rogalendingar, trønderar, gudbrandsdølar, hallingdølar, ja, til og med danskar dukka opp av og til. Dei skulle hjelpa til med gardsarbeidet, både vanleg slåttonn og henting av moreller, plommer, pærer og eple,  Somme gardar kunne ha 8-10 ungdomar som gjestearbeidarar på det meste. Dei fekk hus og kost i tillegg til arbeidsløn.

For oss ungane og ungdomane var det spennande tider. Det knytte seg alltid spenning til kva tenestefolk som kom. Jentene kikka i smug på gutane, og unggutane merkte seg ut tenestejentene. Om kveldar og i helgane møttest dei tilreisande og bygdeungdomen til dans i dei mange ungdomshusa. Det vart nok knytt kontaktar på ulikt vis. Ser ein på ættarbøkene frå distriktet, kan ein lett finna ut kvar tenestejenter vart verande som koner på gardane. Slik sett tente desse arbeidsvandringane til å friska opp genmaterialet i hardingbygdene. Ingen har grunn til å klaga på dét.

Dei færraste hadde særleg arbeidstrening før dei kom, og det hende at somme vart sende heimatt fordi dei ikkje fann seg til rette med arbeidet. Dei fleste vart likevel verande ut sesongen. Det var ikkje uvanleg at gardbrukarane, når dei møttest, drøfta kvaliteten på arbeidsfolket som hadde kome. Eg hugsar enno dei to unggutane frå Sunnhordland; dei skulle henta moreller på Halldors-bruket. Moreller var ukjende for dei. Den eine henta fyrste laupen (= hentespann i tre) med moreller utan stilk. Det gjorde han ikkje fleire gonger. Den andre likte moreller so godt at han åt seg sjuk. Tvikrokete stod han ved trestamma og gav hals. Begge vart brukande hentarar og stod sesongen ut.

I august-september kom det endå meir tilreisande til bygda. Då var det ofte brislingfiske. Fiskebåtane kunne liggja i hopetal på fjorden der dei store ljoskastarane skapte trolsk stemning i mørke haustkveldar. Etter kvart dukka det opp brislingsteng langs land, og måsane hadde gjestebod både seint og tidleg. Fiskarane kom i land av og til, og me ungdomane fekk endå fleire ukjende å glåpa på. Samstundes med brislingfisket kom det somme gonger omreisande tivoli som slo seg til på Røysa i Lofthus sentrum. Det var fjetrande tider for ein unggut som betrakta fiskarar og annan tilreisande ungdom som hadde eit heilt anna pengeforbruk på tivoliet enn det ein sjølv kunne tenkja seg. Nokre omgangar på lykkehjul kunne gå. Nokre gonger med mislukka kasting på boksar òg. Éin gong vart eg spurd om å hjelpa til; eg trur det var ballkast på boks. Det var stas. Elles var det å stå og ovundra dei som skaut med luftgevær, spesielt dei som skaut godt og som fekk namna på ei liste over dei beste skyttarane. Heimatt om kveldane gjekk me flokkevis i haustmyrkret. Var ein heldig, kunne ein gå og prata med den jenta som ein gjerne ville prata med; sjølvsagt heilt tilfeldig.

Om me lærte noko av desse årlege møta med mange ukjende? Me observerte i alle fall at me kan vera ulike, og det var greitt,  Det er i og for seg ingen uviktig observasjon for ein oppveksande ungdom.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.