Språk og slips

Dette hende for fleire år sidan. Me hadde site og drøfta eit notat eg hadde skrive. Samtaleparten min var ein oppegåande og hyggeleg person som hadde fått i oppgåve å vera leiar i det me kan kalla ei styringsgruppe. Saman med ein kollega hadde eg sekretariatsfunksjonen, som innebar at me hadde ansvaret for alt det skriftlege som skulle sendast ut. I notatet hadde eg drøfta korleis eg såg for meg at eit omfattande og intrikat prosjekt skulle utvikla seg sik at det vart eit vellukka resultat. Samtaleparten min var nøgd med det han hadde lese, og me var i det store og heile samde om korleis prosjektet skulle handterast.

Som vanleg hadde eg skrive notatet på nynorsk. Då me var ferdige med notatet, kom spørsmålet: «Kan du skrive bokmål like godt?» Eg må tilstå at eg vart litt forundra, men svarte at jau, eg kunne sjølvsagt skriva bokmål òg; det måtte eg kunna som offentleg tenestemann. «Vil du helst at eg skriv på bokmål?», spurde eg og fekk stadfestande svar attende. «Det er lettere å forstå,» sa han med ein orsakande og forklårande smil. I dei to åra prosjektet varte, produserte me alle dokumenta på bokmål, og me kom i mål.

Kvifor tek eg dette fram no, etter at ordinært yrkesliv er avslutta? Jau, fordi det var fyrste gongen eg i norsk samanheng fekk so klår melding om at nynorsk skriftspråk vart oppfatta som vanskeleg tilgjengeleg. Sjølvsagt visste eg at ein må tilpassa språket sitt til den samanhengen ein er i. Sjølvsagt måtte eg læra meg å skriva svensk då eg arbeidde i Sverige, og sjølvsagt har eg måtta uttrykkja meg på engelsk når eg skulle venda meg til eit publikum i internasjonale fora. I Noreg derimot hadde eg lenge levt med ei førestilling om at nynorsk og bokmål var likeverdige som språklege instrument. Ynsket om at eg helst skulle bruka bokmål i norsk samanheng, var på mange måtar å setja spørsmål ved meg som person. Sjølv om eg hadde høyrt og lese om at personar med nynorsk som fyrstespråk fekk krav om å endra språk, kom det uventa på meg.

Til då hadde eg styrt heilt sjølv kva språk eg ville bruka, i alle fall når eg skulle skriva i mitt eige namn. Eg hadde vant meg til at dei eg skulle samhandla med, kunne og ville forstå nynorsk. Eg venta respekt for den språklege identiteten min og fekk det. Som institusjonsleiar hadde eg skrive alle saksdokumenta til styret på nynorsk, sjølv om ingen i styret var nynorskbrukarar. Til og med i svenske fagtidsskrift fekk eg aksept for å skriva nynorsk.

I den store samanhengen var denne språkhendinga ikkje viktig. Sannsynlegvis har eg gjennom eit skrivande yrkesliv vore svært heldig som i all hovudsak har kunna velja sjølv korleis eg ville uttrykkja meg. Også i dei offentlege dokumenta eg har hatt ansvar for, har eg stort sett brukt nynorsk. Hendinga illustrerer likevel eit viktig prinsipp, eller rettare sagt mangel på prinsipiell haldning til språk. Denne trivelege og dyktige personen var nok vane med å ha definisjonsmakt over korleis verda var og skulle vera. Det som var lettvint for han, skulle utan vidare vera det mest føremålstenlege for alle rundt han. Det språklege universet var identisk med det han hadde lært, kort og godt. For han var språkbruk eit spørsmål på line med om slipset skulle vera blått eller raudt. Slik oppfører me oss nok ofte. Med eller utan vilje prøver me nok litt for ofte å hegemonisera kva som er føremålstenleg. Ikkje minst i språkleg samanheng kan me som på ein eller annan måte representerer språklege minoritetar, oppleva at majoritetspresset kan verta trykkjande; av og til nesten undertrykkjande.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.