Kvardagsmas

Kvardagsmas er undervurdert som trivselfaktor. Eg tenkjer på dei repeterande påminningane som me får frå omgjevnadene (nesten) kvar dag. Har du hugsa på ditt, gløym ikkje datt, lat att døra, ikkje gå inn i stova med sko, må du la avisa liggja att på kjøkenbordet? Ja, du forstår sikkert tema og modus, som det heiter so fint i dag.

Eigentleg ligg det mykje omtanke bak all slik kvardagsleg, autopilot-liknande samhandling mellom menneske. Tenk på det, neste gong du irriterer deg over det som du oppfattar som mas i kvardagen. Tidsnok, og før du veit ordet av det, stoppar maset. Då er du åleine, overlaten til den totale fridomen, og kan styra på, akkurat som du vil, utan at nokon minner deg om nokon ting. Du kan gløyma so mykje du vil, det er ingen andre enn du sjølv som oppdagar det. Avisa ligg på kjøkenbordet, seier ikkje eitt ord om at ho burde ha lege ein annan stad. Du rår over ein fullkomen fridom til å hugsa og gløyma som du finn det for godt – og ingen bryr seg.

Den viktigaste føresetnaden for kvardagsmas er at det er nokon andre som legg merke til, som bryr seg og som dermed er i stand til å masa. Kvardagsmas betyr fyrst og fremst at nokon bryr seg. Kvardagsmas er ei form for lim som bind kvardagsstundene saman. Det er ein kvardagskvalitet, når me tenkjer etter.

Gravityscan Badge

Share

Én kommentar til “Kvardagsmas

  1. berit byrkjeland

    Takk skal du ha. Godt å høyra at nokon har forståing for kvardagsmas. oftast er det ei kjelde til irritasjon eller uhugnad i heimen. Likevel ,litt orden må til skal kvardagen fungera. Det er denne balansen då—- psykologer og advokater vert , diverre, ikkje arbeidslause så lenge kvardagsmas er til.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.