Eg melder overgang

Eg melder overgang til ny flokk, så snart overgangsvindauga vert opna, slik ved nyttårstider. Lenge har eg forsøkt å venja meg til at styrande politikarar er opptekne av mange detaljar. Det er i og for seg greitt nok. Noko må dei no vera opptekne med, sidan dei viktige spørsmåla er for store å tenkja på for politikarar som har litt høgdeskrekk og som difor snart vert svimle. Då er det trygt å kasta seg over detaljar i kvardagen, slike som ikkje betyr noko i den store samanhengen. Ta t.d. å auka fartsgrensa frå 100 km i timen til 110 km. Stort framsteg for manneætta som på den måten kan gjera det statistisk meir sannsynleg at fleire misser livet i trafikken. Eller denne ståhjulingen som det gjer endå enklare for folk å forflytta seg frå heimen til treningsstudio utan å måtta bruka kroppen. Det gjeld å vera heilt utkvild når ein skal forbrenna tilmålt kvote kaloriar på treningsstudio. Så var det visst noko med lakrispiper og vinkjøp på flyplassar. Viktige detaljar i den store meiningsløysa.


No tykkjer eg at det vert så mange uvesentlege detaljar som dominerer hjå politikarane at eg vil melda overgang til ein annan flokk. På vanleg måte har eg tvilt meg fram til ein ny flokk. Etter ei totalvurdering, som det heiter, søkjer meg ein flokk som rett nok er opptekne av kvardagsdetaljar, men det er trass alt grunnleggjande detaljar, slike som betyr noko for å kunna overleva og utvikla seg. For ikkje å gjera overgangen for innfløkt, vil eg difor melda overgang til sjimpansane. Dei skal vera mest like på menneska, dersom ein skal tru Wikipedia, og det kan ein gjera slik inni mellom. Overgangen burde gå greitt sidan eg snart er som Bosman-spelar å rekna og dermed ikkje treng vera redd for at den noverande flokksjefen min, den norske staten, vil krevja overgangssum. Eg har ingen agent, og det betyr éin føkrok mindre å metta.

Enkel i drift er eg også, skal nok klara meg med frukt og bær, slik på jamnen. Eg reknar med at det er god tilgang på Gravenstein og Torsteinseple. For ikkje å gløyma heilt kvar eg kjem ifrå, må eg sikra meg rett til to måltid med komla og røykjekjøt kvart år. Eg gler meg allereie til dei måltida.

Eg fann ei beskriving av sjimpansane som gjer at eg er nesten heilt sikker på at eg vil finna meg vel til rette hjå dei. For ikkje å verta mistenkt for å manipulera den leksikalske sanninga, tek eg med teksten slik han er skriven i Store norske leksikon: «Sjimpansene er nysgjerrige og lærenemme og kjent for å ha en avansert bruk av redskaper.» Dette er eit liv som er skapt for meg. Vidare heiter det at «Sjimpansene lever i løse samfunn på 20–100 individer med felles territorium. Medlemmene av sjimpansesamfunnet opptrer i fleksible, mindre enheter avhengig av blant annet tilgang på føde, vann og andre pattedyr.» Det er som å sjå for seg eit departement. Jau, eg vil sikkert trivast hjå sjimpansane. Men – eitt spørsmål står enno utan svar: det er ikkje sikkert at sjimpansane er interesserte i ein overgang. Den tid, den sut. I alle fall er det greitt å ha tenkt gjennom ein overgangsprosess. Det kan henda at tankane kan koma vel med.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.