Gløymeboka

Bøker er ei stempla god oppfinning. Stundom kan dei ta makta over deg og driva deg inn i landskap og førestillingar som du knapt ante eksisterte. I barne- og ungdomsåra var det mang ei arbeidsøkt med eplehenting eller lekser som kom seinare i gang enn planlagt, fordi eg måtte avslutta eit kapittel før eg var arbeidsfør. Også i vaksen alder har det nok hendt at eg har late arbeidsoppgåver venta fordi eit kapittel måtte berre lesast ferdig.

Gløymeboka vert stendig meir aktuell, merkar eg. Ho får nye kapittel i eino, eller er det heller slik at kapitla forsvinn? Forvitneleg med den gløymska. Ho er eigenleg eit gode, ei form for overlevingsmekansime. Skulle me ha hugsa alt me har opplevt gjennom eit liv, ville det ikkje ha vore til å halda ut. Kunsten er å gløyma det som trengst. Om dét er det mange ulike meiningar. Dessutan er me nok utstyrte med ulike evner til å gløyma. Mi evne er høgt utvikla, skal eg tru dei som er rundt meg. Og sidan eg ikkje kan hugsa kva eg ikkje skulle ha gløymt, får dei rundt meg alltid rett. 

Eg får rett som det er påminning om kapittel i gløymeboka som eg ikkje visste fanst. Det positive med dette er at eg stendig oppdagar hendingar og ting på nytt. Eit bilete, eit dokument eller ein person, som det er mange år sidan eg har møtt, kan utløysa bylgjer av minnebrokkar og får meg til å verta opp i under over alt eg har fått vera med på.
 
Likevel finn eg ikkje ut om gløymeboka veks eller vert mindre. Dersom gløymeboka er fylt med slikt du ikkje hugsar lenger, korleis kan ein seia at ho vert stendig større, når det som finst der, eigenleg ikkje finst lenger? Nokon kvar kan verta litt småør av slike tankar. Det er berre éin måte å løysa slike dilemma på: ein må berre bestemma seg. Som utprega tvilar er eg uansett temmeleg sikker på at det er tvilsamt om eg bestemmer meg for det rette.
 
Førebels har eg bestemt meg for å tenkja på gløymeboka som ei latent minnebok. Så lenge det stendig dukkar opp noko som stimulerer vage minne og gjer dei til aha-opplevingar, ser eg på gløymeboka som ein positiv fylgjesvein. Den dagen gløymeboka lever heilt og fullt opp til namnet sitt, nærmar det seg vel ein diagnostisk tilstand. Og då trur eg nok at kapitla er tome for innhald. Det vil seia: innhaldet er der nok, men lykjelen til kapittellåset har kome på avvegar. Livet er jammen mangfaldig, så vidt eg kan forstå og kanskje hugsa.
Share