Skuleveska

Eg har henne enno, skuleveska i brunt, ruglete skinn, laga av Lars i Kikjen, eller Lars Helleland, som han heitte. Han var skomakar og var fast tilverkar av sko, vesker, vanlege belte og bunadsbelte. Eg hugsar også beksaumsskorne som han laga til meg til skibruk. Dei var også i brunt lêr, skikkeleg randsydde og med tverrgåande lêrreimar på kvar sko i tillegg til vanleg snøring.

Skuleveska må eg ha fått då eg byrja på framhaldsskulen. Ho står no i eit kott; eg har aldri hatt hjarta til å kvitta meg denne veska. Det er eg glad for no. Ho har eitt stort rom, der det var plass til skulebøkene og pennalhus. På utsida er det påsydd to lommer. Der hadde eg passar og linjalar. Veska fylgde meg gjennom realskule, gymnas og universitet. Komen i arbeid, lét eg veska vika for ei ny og større dokumentmappe – i skai. Somme av oss har nok altfor lett å gje etter for motar. Både dokumentmappa i skai og seinare vesker eg har brukt, har forsvunne ut av livet mitt, slik forbrukarsamfunnet vil at det skal vera.

Denne enkle veska har sjølvsagt sterke nostalgiske overtonar for meg. Ho var fast fylgjesvein i dei viktige åra då det å tileigna seg kunnskap tok mesteparten av tida. Viktigare likevel er at ho eksisterer som eit vitnemål frå ei tid då gjenstandar vart laga for å vara. Veska vitnar om ei tid der handverkarar sette æra si i å laga solide produkt. Dei skulle vera enkle og funksjonelle, og so skulle dei vara. Eg hugsar enno korleis Lars sat ved skomakarbordet eller ved symaskina og arbeidde. Verkstaden anga av lim, lêr og bek. Hendene visste kva dei skulle gjera. Det såg ut til at alle rørslene gjekk so leikande lett, anten han plugga sko eller skar til lêrbitar. Desse sjølvsagde og lette handrørslene fortalde oss som såg på, at han Lars hadde godt handalag. Seinare har eg sett også andre handverkarar ha godt handalag.

Godt handalag er ein kvalitet som ikkje er so høgt verdsett lenger. Praktisk kunnskap som ikkje kan lærast i bøker, vert ikkje sett på som viktig kunnskap lenger. Bokkunnskapen er for store delar av samfunnet vårt den kunnskapen som vert rekna som viktig. På den måten taper me ei svært viktig side av det kunnskapsmangfaldet som kvart samfunn treng for å kunna utvikla seg. Me har vorte eit samfunn der me dyrkar kunnskap om tilværet, medan kunnskap i å gjera noko praktisk, vert rekna som mindre viktig. Sjølvsagt er dette sett litt på spissen, men me omgjev oss med eit kunnskapsomgrep som i altfor stor monn legg vekt på den teoretiske kunnskapen. Praktisk kunnskap er undervurdert, ikkje minst i skuleverket.

Som tre-neve har eg eigenleg vunne på at samfunnet har vurdert so høgt den type kunnskapen som me tre-nevar har kunna tileigna oss, nemleg  teoretisk kunnskap. Om det har vore godt for samfunnet, er meir tvilsamt. Kanskje skulle eg ta i bruk att den gamle skuleveska mi. Det er plass til både berbar PC, nettbrett og nødvendige kablar. Det er sikkert plass til ei vanleg skriveblokk òg. Med den gamle skuleveska i handa kan eg stendig minnast om at me burde ha større respekt for godt handalag og gode handverksprodukt som kan vara lenge.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.