Berre er meir enn ingenting

I huset høyrest
kvardagssteg i trappa,
stega søkjer seg fram
i gangar og rom

hender legg seg
rundt dørhandtak,
dører går opp,
dører går att

det er berre
mine steg,
det er berre
mine hender,
det er berre meg
no

– men berre er meir
enn ingenting.

Share