Smilen

Har du nokon gong forsøkt å definera for deg sjølv kva som er viktigast i ein god smil, ein smil som du legg merke til, og som gjer noko med deg? Ikkje det? Det er i so fall godt. Smil skal opplevast, ikkje analyserast. Likevel, av og til har eg ein uvane til å vilja forstå gode opplevingar, utan at forstand nødvendigvis endrar opplevingane. Eg burde sjølvsagt ha leita opp nøkterne og detalj-analyserande artiklar. Kanskje er det nokon som til og med har talt kor mange smilar eit gjennomsnittsmenneske (du veit slike som bur i statistikkland) sender av garde ein gjennomsnittsdag. Men slik lesnad har eg ikkje planar om å oppsøkja. Eg vil gjera sjølv, som ungane brukar å seia. Difor dette halslause forsøket på å fatta kva som kan vera den viktigaste faktoren i ein god smil.

Å smila er ikkje ein aktivitet for eit enkeltpersonføretak. Smilen krev minst to for å vera meiningsberande. Ja, eg veit at åleinesmil òg kan praktiserast, men det er best med to. Dagleg utvekslar me smilar med kvarandre. Gjennom smilen sender me meldigar om høfleg interesse, avstand eller nærleik. Smilen er eit samspelinstrument som krev like god finstemming som ei hardingfele. Ein skal ikkje vera mykje uvøren med understrengene før smil-slåtten er sur og tverr.

Sjølvsagt vil du kunna seia at det er heilskapen som er viktigast; det er samspelet mellom lepperørslene, augo, kroppshaldning og rørslene med hovudet. Og ja, sjølvsagt er smilen alltid ein heilskap. Likevel, for meg er det augo som er juvelane eller gråsteinane i ein kvar smil. Augo fortel om det leikande, det skjelmske, gnistrande eller avvisande mennesket som eig smilen. Augo avslører at den overstrøymande munnrørsla eigenleg er eit skodespel, eller eit forsøk på å vera nokon som ein ikkje er. Augo er varmekjelda, isklumpen eller den likesæle avstanden som viser kva kjensler som styrer smilen.

Knapt noko kan måla seg med barnesmilen, denne spontane og ufiltrerte ljoskjelda som kan stråla mot deg frå eit barneandlet, samstundes som ei mjuk barnehand stryk over bestefarskjaken. Mange gonger har barnesmil gjeve dagane bjarte fargar. Dersom me er heldige, kan me òg møta godt vaksne menneske, som enno ikkje har smilt frå seg. Dei kan so absolutt glimta til og dela med seg av smilar som viser at livet kan, ja, nettopp  – smila. Møter du mange smilande menneske i kvardagen, er det stor sjanse for at du er raus med smilane sjølv. Slikt løner seg. Det er vel med smilen som med kjensler; du kan aldri krevja å få, men du kan likevel vera heldig og oppleva at dei finn deg, til og med heilt frivillig. Du kan gjerne vera sparsam med orda, men aldri påhalden med smilane dine. Og neste gong du lèt deg fanga av ein god smil, legg ekstra merke til augo.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.