Ekspertar

Me møter dei rett som det er, i aviser, radio og fjernsyn, av og til på konferansar. Dei er ekspertar og rikssynsarar og fortel alle oss andre om korleis ting er, heng saman eller burde vera. Somme av dei viser imponerande meiningsvilje, utan at det dei seier, nødvendingvis er imponerande meiningsfullt. Men med sterk meiningsvilje, godt utvikla sjølvbilete og uredde for ordskrøyv, krydrar dei kvardagane våre.

Somme av dei viser ei overraskande eindimensjonal formuleringsevne. Anten dei veit noko, meiner noko, tykkjer noko, trur noko, eller til og med tviler eller er usikre, so «tenkjer» dei. Det kan verka som om dei på død og liv må forsikra oss tilhøyrarane/lesarane om at dei tenkjer, heile tida. Kanskje gløymer dei å tenkja på at uklåre tankar også er resultat av tankeverksemd. Somme av dei framhevar støtt og stendig at dei er tydelege det dei meiner, utan at synspunkta nødvendigvis vert tydelegare av den grunn.

Desse allvitarane som vert brukte i tide og utide, passar nok godt inn i eit syn på verda der det meste er anten svart eller kvitt, og svara skal vera ja eller nei. Dei er sikkert takknemlege å snakka med for journalistar, i alle fall for slike som er ute etter raske og enkle svar.

Verkelege ekspertar, trur eg, beherskar heile gråskalaen. Dei vil nekta for at verda kan opplevast i berre svart og kvitt. Ekspertar som av og til seier at dei er usikre, eller til og med at dei ikkje veit, det er ekspertar etter mitt hovud. Dei trur eg på.

For all del; litt rettvise må til og med ein aldrande bloggar yta. Det er fleire døme på ekspertar som både har kunnskap om det dei snakkar om, og som kan framstilla saker på ein nyansert måte. Dei slepper til i media, av og til. Slike skal me lyda på; dei kan gjera oss litt klokare. Eg har sjølv møtt dei i yrkeslivet og elles. Verkelege ekspertar veit at kunnskap og klokskap er eit landskap med uendelege nyansar.

Desse allvitande rikssynsarane derimot får meg til å tenkja på ein definisjon eg høyrde ein gong om kva ein ekspert er. «Jau», sa vedkomande, «ein ekspert er ein person som er so langt heimanfrå at ingen kjenner han eller henne.» Litt fjerne kan nok somme av desse allvitarane verka, det er rett det.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.