Sutling

Denne teksten starta eigenleg på ein restaurant. Me hadde tinga eit godt måltid, og maten skulle kelneren leggja på tallerken ved bordet. Me var svoltne og kjende det lukta god mat. Då han var ferdig, og me sat med matretten framfor oss, oppdaga me at han hadde sutla litt mat på bordduken. For ikkje-hardingar så betyr sutla å søla. Vera litt uheldig, er no ein ting, det kan til og med henda ein røynd kelner. Men å ikkje rydda vekk det han hadde sutla, det var ikkje heilt bra. Han hadde nok ikkje sett det og berre skunda seg vidare til neste bord.

Eg kom til tenkja på korleis me ungane var innprenta at me ikkje skulle sutla, korkje med matbordet heime, og i alle fall ikkje når me sat til bords i besøk. Å sutla mat eller drikke var teikn på at me ikkje fått skikkeleg oppfostring. Slikt gjekk på familieæra laus, spesielt morsæra. “Ho var ei sutla” kunne vaksne seia om jenter som var litt ustødige på hendene når dei skulle servera suppe i festlag. Ikkje greitt for urøynde ungjenter slike gonger.

Å sutla kunne ha ei anna tyding òg. “Han sutla og drakk” eller berre “sutla” var klår melding om at han (det var berre hankjønn dette galdt) likte alkoholhaldig drikke litt for godt. Mange kunne ordna seg sjølve i Sørfjorden med sider og anna alkoholdrikke, og stundom var det nok somme som sutla litt i meste laget.

Det går ei “sannsoge” om ein som var dugeleg tyrst etter nokre dagars sutling. På heimveg stakk han innom ein nabo som han visste alltid hadde sider på lager. Naboen forstod med ein gong kvar landet låg, men lesta ikkje gå. Han berre snakka om vêr og vind, og om ikkje han skulle starta med å skjera or frukttrea; dette var tidleg i mars månad. Etter ei stund med turrprat, kunne ikkje sutlaren dy seg; han spurde om han ikkje kunne få ei flaska sider. Nei, meinte naboen. “Det ser ut til at du har fått nok for ei stund”. “Ja, men eg er so syrgjeleg tyrst, eg treng litt sider no.” Naboen trekte den tyrste karen skikkeleg opp, og til slutt sa han: “Du skal få ei flaska sider dersom du går og legg deg med fulle klede i bekken.” Nei, det ville sutlaren ikkje, det fekk no vera måte på, leggja seg i ein bekk i mars månad. Drøset gjekk mellom karane, og naboen såg til at han heldt interessa for den ventande siderflaska oppe. Til slutt reiste sutlaren seg opp i full lengde, såg på naboen og utbraut med overtydande patos: “Ein får bruka vitet den som har det; eg legg meg i bekken!” Han so gjorde, og siderflaska vart hans. Moralen må vera at det finst ein logikk for det meste. Dette er nok døme på det ein kan kalla sutlingslogikk.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 + 7 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.