Tvil

Tvil er undervurdert. Eg kjenner ingen som lagar lange utgreiingar om nytte og personleg velvære som tvilen kan skapa for samfunnet og for individet. Ingen prisar den borande kjensla som høgg tak i deg og overauser deg med formuleringar som «ja, men», «er du no so sikker på det?», «har du vurdert alt no?», «er du ikkje litt for optmistisk no?», «tenk om utgangspunktet er feil?», og so vidare og so vidare. Mange tvilstankar surrar gjennom hovudet kvar gong eg skal leggja ut ny tekst på bloggen, til dømes. Det kan sikkert skrivast ei heil ordbok om tvilen og alle dei  mogelege og umogelege formuleringane som målber tvilen i eit menneskesinn.

Tvilaren vert oftast framstilt som ein vesal figur. Tvilaren bør ein ikkje mengja seg med. Mange veit ikkje heilt korleis dei skal oppføra seg overfor ein tvilar. Tenk å vilja visa for andre at ein ikkje er sikker, ikkje veit, ja, kanskje ikkje eingong forstår. Det er greitt å tenkja slik av og til, for seg sjølv, når ingen ser, ingen høyrer og ingen forstår det. Då kan nokon kvar siga inn i tvilsame og tvilande tankar. Men å visa det; nei, veit du kva!
 
Eg trivst i lag med tvilaren. Det er vel noko med at krakje søkjer make. Det finst sikkert både gode og dårlege tvilarar. Den gode tvilaren kan ha tvisyn, kan sjå saker frå fleire sider, kan setja seg inn i og akseptera at premissar og utgangspunkt for å vurdera ei sak, kan vera annleis enn det ho/han hadde tenkt. Samtalene kan ofte verta gode med tvilaren. For å kunna praktisera tvisyn, må tvilaren vera i stand til å lytta, til å forlata eigne posisjonar, om ikkje anna som eit tanke-eksperiment.
 
Derimot er eg meir reservert når eg møter den sjølvtrygge og den skråsikre, den som veit alt, som forstår alt og som skal læra alle rundt seg å forstå alt på same måten som ho/han. Då vert eg endå meir tagal enn vanleg og leitar meg opp ein krok der eg kan gøyma meg og dyrka tvilen min i einsemd. Det er mykje sant i ordet som seier at det vert snart myrkt rundt den skråsikre som har sett ljoset.
 
Ein av dei få gongane tvil kan omtalast som noko positivt, er i rettsstellet, der tvilen kan koma tiltalte til gode i den meining at ho/han vert frikjend. Men eigenleg er ikkje det bra heller, det betyr berre at rettssystemet ikkje var dyktige nok, kan nokon meina.
 
Men – er det tilrådeleg å leggja ut ein tekst om tvil? Det er kanskje tvilsamt om nokon der ute vil setja pris på slikt som ein nok kan tenkja, men som ein ikkje bør uttrykkja direkte. Tenk om nokon finn feil i tankegangen, tenk om nokon kan visa at utan tvil er tvil eit stort samfunnsproblem? Det siste trur eg er tvilsamt, men om so var, tvilar eg på om eg ville tru på det. Tvilen min er ikkje so lett å rikka.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.