Pøysetid

Det er vel kanskje berre hardingar og vossingar som forstår tittelen på denne teksten, og kanskje berre den eldre generasjonen. Jau, ser du, pøyse er det same som vasspytt, dette fenomenet som i so rikeleg monn velsignar grusvegar no om våren. Sidan Vestlandet er sterkt overrepresentert når det gjeld grusvegar for allmenn ferdsel, er ogso Vestlandet utan samanlikning det store pøyselandet.

Pøyser om våren hadde – og har – ei sterkt tiltrekkingskraft på ungar og alle som kjenner seg som ungar. Sjå berre på dei aller minste når dei går etter grusvegar, rikt utstyrte med pøyser. Dei går frå den eine pøysa til den andre. Dei hoppar og sprett for å få det brune, grumsete pøysevatnet til å spruta på dei vaksne, eller aller helst krypa opp i støvlane. Her må eg berre vedgå ein ting: eg vart aldri oppglødd over å gå og stampa i vasspøysene korkje om våren eller andre tider. Eg har aldri filosofert over kvifor eg ikkje ville fylgja med dei andre smågutane når dei stokoste seg i pøysene. Det er sikkert ein eller annan freudiansk figur der ute som kan gje meg ei forklaring som eg ikkje er interessert i.

Systrene mine likte å leika i vasspøysene om våren. Dei bada dokkene sine der. Ein gong presterte den største av dei å bada veslesystera i ei pøyse. Ho og veninna kledde av den vesle jenta og plasserte henne i pøysa. Heldigvis kom det vaksne til og fekk ende på leiken. Kanskje var det eit nødvendig innslag i ein herdingsprosess, eller meistringslærdom. Ikkje veit eg. Men det vart godt folk av dei begge.

Elles er det å køyra på ein pøysete veg ei stor utfordring for bilistar, i alle fall når ein skal dela vegbanen med gåande eller syklande. Meir enn ein gong kom eg halvblaut på skulen fordi ein bil ikkje makta å styra unna pøysene når han skulle passera meg. I seinare tid har nedbløyting av uvørne bilar betydd mindre enn då eg var gutunge. Etter mange år i offentlege forvaltning har eg vorte so turr at eg turkar fort oppatt, dersom uhellet skulle vera ute.

Snjo smeltar om våren og samlar seg på ulikt vis, i pøyser, sildrande småbekker, store bekker og buldrande elvar. Eigenleg er denne vårdansen ein høgsong til dei livgjevande kreftene. For meg er rennande vatn sjølve teiknet på liv; både lyd, rørsle og konsistens vitnar om nytt liv, her og no. Berre tenk deg ein tidleg vårdag i ei vestlandsli. Bakkane har so vidt teke på seg den grøne vårhamen medan små bekker av smelta snjovatn surklar og klukkar nedover mot ein større bekk eller ei elv. Godt skjerma frå alle kvardagslydar ned i bygda skaper rennande vatn eit perfekt lydbilete av liv. So får det berre vera slik at pøyser ogso er ein del av denne livgjevande vassdansen om våren. Det er greitt å sjå at andre kosar seg i og med pøyser so lenge eg kan sleppa å vera deltakar. Det er ein klassisk posisjon for dei fleste som trivst med å observera livet rundt seg.

Share

1 kommentar til “Pøysetid

  1. Gerd Opedal

    Eg likte og pøysene. Eitt pøyseminne gløymer eg aldri: Eg var ute på sundagstur med faster mi, Rannveig, og venninna hennar, Gjerd. Eg trampa med liv og lyst gjennom alle pøysene på mi side av vegen, og brått sa Gjerd: “Du kan få trampa i mine pøyser og, om du vil!” Eg kjende ei varm glede over at her var det ein vaksen person som forstod meg og ville dela med meg. Og derfor hugsar eg det. Eg er no 72 år, og Gjerd vert snart 86 år. Rannveig lever ikkje lenger. Eg saknar henne.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

four × 2 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.