Bøtt underbukse

Ta det heilt med ro! Eg har ikkje tenkt å spørja nokon om dei går med bøtte underbukser, eller underbrøker, som me ville ha sagt i barneåra mine. Dette er heller ikkje ein tekst av det slaget der innhaldet går langt inn i intimitetslandskapet. Fri og bevare meg for slikt! Nei, dette er soga om noko så kvardagsleg som ei utstilling som me laga på Hardanger folkemuseum tidleg på 1980-talet. Temaet var klede, og Randi Storaas var ansvarleg. Me ville laga ei utstilling som gjekk litt vidare enn den tradisjonelle museumspresentasjonen av festdrakter og bunader, sjølv om slike plagg sjølvsagt var rikeleg representerte i utstillinga. Randi fekk låna ei lang kara-underbukse. Ho var bøtt og ordna på gjennom fleire år. På ein direkte og enkel måte fortalde underbuksa om eit ressurssyn som ligg milevidt frå det ekstremforbukssamfunnet me kjenner i dag. Buksa representerte ei tid då klede skulle brukast til dei var utslitne. Dessutan, kleda var ikkje utslitne før dei ikkje kunne bøtast meir, når det bokstavleg tala ikkje var botevon for dei som klede. Slitne klede kunne leva vidare som vaskefiller eller i andre funksjonar der tekstilar kunne brukast. Slik kunne livssyklusen for klesplagg vara lenge. Det var snakk om berekraftig ressursbruk lenge før omgrepet berekraft vart laga og kom i bruk i politisk festtalespråk.

 
På museet fekk me nok ein del kommentarar om den utstilte, bøtte underbuksa. Somme tykte det var fint at me tok med eit slikt plagg. Andre meinte me burde hatt skjemmevit nok til å la vera å stilla ut noko slikt saman med alle finkleda. Ein kjend stortingspolitikar brukte den utstilte underbuksa som døme på at eg var ein museumsperson med dårleg utvikla kvalitetssans. På museum skulle ein dyrka det vakre og høgverdige, ikkje øydeleggja glansbileta om fortida med å fortelja om og visa bøtte underbukser.
 
Kvifor kom eg på den bøtte underbuksa no? Jau, då reportasjane rulla over fjernsynskjermar og pryda avissider med historiane om russ som brukte millionar og hundretusenvis av kroner på russebussar og eigne songar/melodiar, kom eg til å tenkja på kor ekstremt stor avstand det er mellom eit samfunn som sette si ære i å hushalda med alle ressursar, og vårt eige samfunn, der forbruket tek former som er hinsides all fornuft. Slik har nok 60-åringar alltid ordlagt seg, vil mange seia. Kan henda det, men sjeldan har vel grunnlaget for å ytra seg slik vore større.  Å bøta ei underbukse ville oppfattast som ein fullstendig sjuk tanke i dag, for å bruka litt moderne språkbruk. Underklede er ikkje til for å bøtast, dei skal kastast når me ikkje likar dei lenger. Det er mykje billeg å få kjøpt. Paradoksalt nok er dei billege kleda laga i samfunn der det heilt sikkert vert vurdert som nødvendig å bøta både underbukser og andre klede. 
 
Eigaren av den bøtte underbuksa heitte Nilsa-Lars og budde ein stad i Hardanger. Han hadde sikkert sett pris på å kunna skaffa seg klede oftare enn det som var mogeleg for han. Han, og generasjonane før han, var nøydde til å vera sparsame på alle vis. Det ironiske paradokset i dette er at den berekraftige levemåten til Nilsa-Lars og alle andre i dei tidlegare generasjonane var med å leggja grunnlaget for det ekstreme forbruksmønsteret vårt. Me sullar rundt i forbruksørske, medan me pratar om berekraftig forbruk og utvikling som om det skulle vera ein spennande kunstinstallasjon på månen. Kanskje skulle kvar og ein av oss hatt ei bøtt underbukse etter forfedrane vår utstilt på heidersplassen i dei overfylte stovene våre. Det ville ha vore så grenseprengjande at somme ville nok ha kalla det kunst.
Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

6 + thirteen =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.