Konferansefjas

Eg er nok svært gamaldags. Eg trur at eg skal kunna læra noko nytt og interessant på konferansar. I alle fall meiner eg å hugsa at det var slik før, men minnet er som kjent ein dårleg tenar. I alle fall, eg melde meg på ein konferanse for å få fagleg påfyll, som det heiter, når ein har levt ei stund. Tema og arrangør er uviktig i denne samanhengen. Det er sjølve konferansehendinga eg er oppteken av denne gongen.

Det stod nok i programmet, men eg hadde ikkje tenkt så nøye på det, før eg la merke til ein figur som stavra seg opp på scena og fortalde oss at han skulle leia oss gjennom dagen. Det var ein kjend moromann frå fjernsynsverda, og han gjorde det han sikkert var betalt for: å få oss i salen til å le. Rett skal vera rett; denne moromannen har mange og gode poeng, ikkje minst fordi han er oppteken av all den språklege dumskapen me slengjer rundt oss. Kommentarar før og etter føredragshaldarane fekk både føredragshaldarar og oss andre til å humra og le. I tillegg introduserte han føredragshaldarane som om dei skulle opptre på eit underhaldningsprogram i fjernsyn.

Så langt, så bra. Likevel, etter ei tid kunne eg observera at det oppstod fleire kommunikasjonslinjer i salen. Føredragshaldarane skulle sjølvsagt snakka til oss, med meir eller mindre opplysande og vellukka skjermbilete-presentasjonar som følgje. Etter kvart vart kommunikasjonslinjene mellom føredragshaldarane og den introduserande moromannen minst like viktige. Dei vende seg til han, ikkje til oss, dels for å visa at jau, dei kunne også vera vittige, og dels for å søkja etter stadfesting frå han om dei var på rett veg. For ei sjel som meg, som er lett å vandivla og distrahera, vart samspelet mellom føredragshaldar og moromann av og til meir viktig enn den bodskapen som skulle framførast. Eigenleg opplevde eg det som kommunikasjons-skurr, som kludra til samspelet mellom føredragshaldar og oss, og som la eit skoddeteppe over det som måtte finnast av innhaldskonturar i bodskapane frå føredragshaldarane.

Kommunikasjonsfolka derimot, som hadde ansvar for arrangementet, dei sat og smilte til kvarandre i takt med at me andre lo av moromannen. Dei formidla stor glede over å ha fått tak i ein moromann som overstråla det meste av det som skjedde i salen. Endeleg hadde dei fått til eit arrangement som likna det me kan oppleva på fjernsyn; skikkeleg god underhaldning. Det var berre det at eg hadde ikkje meldt meg på eit underhaldningsprogram i fjernsynet. Eg meiner sjølv at eg ikkje treng underhaldast heile tida.

Spør du om innhaldet i konferansen, om eg lærte noko nytt? Ja, i alle fall når det gjeld kommunikasjons-skurr. Og så var det i alle fall éin føredragshaldar som gav pokker i moromannen, og som var seg sjølv overfor oss i salen. Han adresserte oss direkte, som det heiter i vår tid. Dessutan snakka han utan manus, berre med nokre illustrasjonar som knaggar for minnet. Han fekk meg til å gløyma moromannen gjennom heile framføringa. Storveges.

Og resten av føredraga? Dei fleste kan eg lasta ned frå nettet i ettertid. Då kan eg lesa og konsentrera meg om hovudpoenga, utan anna form for skurr enn det eg maktar å skapa sjølv. Lærdomen kan difor vera at neste gong nøyer eg meg med å lasta ned presentasjonar i ettertid. Det er likevel éin vesentleg hake med konferansebesøk i ettertid: du får ikkje med deg dei gode samtalene over kaffikoppar i pausane. Det er difor store sjansar for at eg er med neste gong òg – for å få med meg pausane.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.