Idalaus

Stundom er eg ustoppeleg når eg kjem på eit ord frå barndomen. «Idalaus» er eit slikt ord, og det kan vel enklast omsetjast med «lat», «giddalaus». Verbet «idast» tyder å «vilja umaka seg med». I min språkbruk er «idast» oftast kombinert med «ikkje», og då tyder det «orkar ikkje, «giddar ikkje» o.l. Ein gardbrukar som likte divanen betre enn frukthagen, kunne verta kalla for idalaus. «Han iddest ikkje arbeida på garden».

Nokon kvar kan nok kjenna seg idalaus frå tid til anna. Det er ikkje alltid ein kjenner for å setja i gang med det ein har tenkt seg. Sjølv er eg stendig heimsøkt av skrivevegring, sjølv om eg har lovt meg sjølv (og andre) at eg skal skriva éin tekst for veka, og den skal halda eit nivå som gjer at eg kan presentera han på bloggen min, so nokolunde skamlaust. Stundom kan ein koma til tenkja at når ein ikkje gjer noko, kan ein heller ikkje kritiserast. Men det er ein haltende logikk. Når ein er idalaus heile tida, er det skamfullt i seg sjølv. Den idalause bør nok helst skjemmast som ein hund.

Det å vera idalaus høver dårleg med idealet om det vakne, observante og effektive mennesket som skal fortena inntekta si. Moralen er difor at å vera idalaus ikkje er ein eigenskap som me held opp som eit lysande mål å arbeida mot.

På den andre sida, og det finst nesten alltid ei anna side: Når eg ser på desse menneska som halsar av garde, seint og tidleg, annsame og hektiske, tenkjer eg stundom litt kjettersk at det spørs om ikkje vedkomande hadde hatt godt av å vera litt meir idalaus. Nokon kloke personar før oss har sagt at det stundom kan vera klokt å sleppa alt kjas og mas, i alle fall for ei stund. Med andre ord: å vera litt idalaus, om ikkje anna som eit eksperiment, kan kanskje gjera godt for oss, av og til. Slike tankar kan ein nok berre tillata seg når ein er pensjonist og har lagt arbeidslivet bak seg. Då kan ein, slik innimellom, tillata seg å seia »Nei, no idest eg ikkje», og dagen kan likevel verta fullverdig og god. Men, slikt bør ein nok ikkje skriva på ein blogg, i alle fall ikkje skamlaust.

Gravityscan Badge

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.