Ord

«Ord»!
Det jublar frå rullestolen,
ein strålande smil
formidlar yr glede,
han forstår at
me forstår
orda han nett
har sendt oss,
litt annleis,
på sin måte,
men det er
ord,
dei inneheld
meining.

«Ord»!
Ei ufatteleg glede
over å kunna dela
ord med andre,
å kunna oppleva
ord-fellesskap,
å verta forstått.

Slik ynskjer me det
nokon kvar.

Gravityscan Badge

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.