«Ei raud og ei grao»

Me har vel alle innimellom sagt noko underleg, eller til og med dumt i samhandling med andre folk. Slikt kan vera med på å gje oss eit visst menneskeleg preg. Det typiske då er at slike utsegner vert hangande med oss, alltid. Det kan vera pussige replikkar i barndomen, som i neste omgang vert presenterte i konfirmasjonslag av foreldre eller andre slektningar. Det aller meste av slike utsegner er berre morosame: dei øydelgg korkje «image» eller rykte.

Tittelen på denne teksten er eit døme på kva som har vorte hangande med meg. Enno er det systrer og slektningar som kan fortelja om den vesle truskuldige guten som vart send ut for å leita etter to mindre systrer. Dei hadde stukke av, og eg skulle hjelpa til å leita. På naboeigedomen dreiv dei på med slåtten. Eg gjekk ned til kona på garden som stod med ei rive og raka saman det nyslegne graset. «Har du sett systrene mine?», spurde eg. Ho stoppa opp, stødde seg på riva og kom med eit motspørsmål: «Korleis ser dei ut?». Eg måtte tenkja meg om, tykte det var litt rart at ho spurde, sidan eg visste at ho visste kven dei var og korleis dei såg ut. Det næraste eg kunne tenkja på var at den eine systera mi hadde raudt hår og den andre var slik kommunegrå, eller blond som det heiter på meir spesialistspråk. Med sans for kortfatta og tilsynelatande presis beskriving sa eg dette til nabokona: «Dan eina er raud og dan andra er grao.» Ho sette i å skratta og rista på hovudet, nei, ho hadde ikkje sett dei.

Systrene mine kom til rette. Seinare informerte nabokona mor om korleis eg hadde beskrive systrene mine. Det vart fnising og lått kvar gong hendinga kom opp i familiesamanheng. Rett som det var, vart eg spurd om korleis det var med den raude og den «graoa».

Stort meir uskuldig enn dette kan det knapt verta. Slik sett er det lite og ingenting å skriva ein tekst om. På den andre sida illustrerer denne hendinga korleis me heile tida – medvite og umedvite – finn fram til kjennemerke ved personar me møter. Det kan vera litt pussige utsegner eller replikkar, eller det kan vera spesielle måtar å ordleggja seg på. Somme gonger kan det vera utsjånad, måten me går på eller oppfører oss på. Eg kan enno hugsa kor imponert eg vart av svigerfar min i si tid fordi han var so flink til å herma etter folk. Det var ikkje fyrst og fremst den verbale herminga. Det mest imponerande var måten han hermde etter ganglag eller andre kroppsrørsler. Han kunne starta med kroppsherming før han sa eit einaste ord, og so kunne han gå rett på den verbale herminga. Me visst alle kven det galdt, utan at han hadde nemnt personen med eit ord. Han var ikkje åleine om den «kunsten»; det var mange som var flinke til slik herming i den grenda han budde.

Frå tid til anna minner både den raude og den «graoa» meg på korleis eg ung og truskuldig skulle vera til hjelp i ein lokal leiteaksjon. Sannsynlegvis har eg gjort meir pussige ting i ettertid. Men dei er ikkje tema for bloggtekst.

Gravityscan Badge

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.