Gjestfridom

Hugsar du attende til den tida då naboar og vener berre stakk innom på besøk, utan å melda frå på førehand eller venta på særskild invitasjon? Eg må nok vedgå at det har vorte sjeldnare og sjeldnare å oppleva, både å få besøk og gå på spontane besøk. No skal eg ikkje skryta på meg særleg sosial spontanitet. Når det likevel skjer ei hende gong, er det triveleg. Passar det ikkje, er det ikkje verre enn at me kan seia ifrå.

Denne soga er om ei hending der ein finsk kollega og eg fekk vanskar med å tolka verbal gjestfridom. Det er fleire år sidan, og me var på UNESCO-møte i Paris. Begge var me leiarar i dei nasjonale UNESCO-kommisjonane og hadde difor alltid mykje å snakka om når me møttest i Paris. På ei mottaking ein av kveldane kom me i snakk med eit ungt ektepar frå eit asiatisk land. Han arbeidde ved heimlandets UNESCO-delegasjon. Ho var utdanna tannlækjar, men for tida var ho heimeverande med små born. Dei var svært interesserte i dei nordiske landa, og me hadde ei lang, god samtale. Fleire gonger under kvelden sa dei at me måtte koma å besøkja dei. Me vaksne, nordiske karane hadde røynsle for at slike invitasjonar under mottakingar svært ofte var høflege frasar som ein skulle ta imot med ein vennleg smil. Me visste at det ikkje var mykje alvor bak. Då me skulle forlata selskapet, kom dei begge to bort til oss og insisterte at me måtte koma heim til dei neste kveld. Dei skreiv adresse og tidspunkt på eit visittkort og trykte inn i handa til ein av oss. Me takka, men sa at dei måtte ikkje laga til ekstra bry for oss. Dei hadde sikkert meir enn nok å ta seg til med to små born. Insisteringa vart berre sterkare, og til slutt sa me ja takk.

Neste dag drøfta me litt om dette var ein vanleg invitasjonsfrase, eller om me skulle ta det på alvor. Me konkluderte med at dei verka svært interesserte i å få besøk, og då ville det vera uhøfleg å ikkje koma. Me kjøpte vin til vertskapet, tok oss fram i god tid for finna ut kvar dei budde. På klokkeslettet ringte me på døra. Det gjekk ei god stund før mannen kom ut. Han hadde det minste barnet på armen og sette opp eit andlet som fortalte overtydeleg at han på ingen måte venta å få to nordiske karar på besøk. Han forstod likevel raskt situasjonen, inviterte oss inn, medan han orsaka seg med at kona enno ikkje var komen heim, ho var på ein handletur. Me vart plasserte i stova, og verten sette i gang ein ringjerunde til kona og til nokon som han ville ha som barnevakt. Me sette oss ned og betrakta all organiseringasaktivitet, litt småbrydde. Med diplomatiske vendingar føreslo me at det kanskje ikkje passa likevel, og me ville trekkja oss attende. Men nei, dei hadde invitert oss, og me skulle ha ein kveld i lag.

Enden på visa vart at då kona kom heim, gjekk heile familien og me på ein restaurant i nærleiken. Me hadde ein triveleg kveld i lag trass i at den finske kollegaen og eg nok kjende på oss at me hadde feiltolka totalt ein insisterande og overstrøymande gjestfridom. Det heile vart nok eit døme på at sosialt samspel i ein internasjonal samanheng ikkje alltid er like lett.

Gravityscan Badge

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.