Meloditimen

Somme hugsar kanskje Meloditimen, dette musikkprogammet der Kringkastingsorkesteret presenterte melodiøs musikk som mange sette pris på. Radioprogrammet gjekk på NRK frå 1946 til 1964. Det var høgdepunkt i programmet kvar gong pianisten, Johan Øian, improviserte seg frå melodi til melodi, medan dirigenten Øivind Bergh introduserte det neste musikkstykket. ”Og klaverovergangene var som vanlig ved Johan Øian”, vart ei standardavslutning på programmet. Me kunne trekkja pusten, kjenna at me hadde hatt ei stempla god stund og venda attende til den vanlege verda.

Det ville vera feil å seia at eg var ivrig lyttar i glanstida til programmet, men det hende at eg fekk det med meg. Det viktigaste var nok at eg opplevde far sitja og høyra på programmet. Når han høyrde på musikk, kravde han fullstendig ro rundt seg. Ville me andre prata eller gjera andre ting, fekk me finna oss eit anna rom for aktiviteten vår. Det er kanskje difor eg ogso helst vil ha det heilt stille rundt meg når eg høyrer på musikk. Det å høyra på musikk er ein sjølvstendig aktivitet som krev konsentrasjon, gjerne i godstolen. Eg klarer dårleg å kombinera msuikklytting med andre aktivitetar, i alle fall ikkje saman med skriving eller samtale med andre. Då kriblar det på ryggen, og eg får sterk hug til å slå av musikken eller avslutta samtala. Ikkje særleg sosialt, og stundom må eg ta meg saman og prøva å tilpassa meg. Eg har sjølvsagt fått med meg at det er svært vanleg å ha musikk i bakgrunnen medan ein gjer andre ting. Jau då, eg kan sjølvsagt ha eit radioprogram surrande i bakgrunnen når eg ordnar med saker på kjøkenet, men då er det sjeldan eg får med meg noko som helst frå radioprogrammet. Og kva er då vitsen?

I seinare år har Meloditimen starta oppatt, sjølvsagt på seniorkanalen NRK P1+. Dei har til og med halde på tittelen «Meloditimen». NRK har ikkje late seg freista til å kalla programmet for «Låt-timen». Omgrepet «låt» eksisterte vel knapt i glanstida for programmet. Då snakka me nok om «musikk» og «melodiar», til og med om «viser». Me i folkemusikkmiljøet snakka sjølvsagt i tillegg om «slåttar». Dei seinaste 15 åra har alt vorte «låtar», anten det er ein pop-melodi eller symfoni. Me lever i ei «låt»-tid, anten det læt fint eller ikkje. No herskar «låtokratiet», og dei fleste ser ut til å trivast med det. Me som trivst med melodiar av ulikt slag, er nok i eit minkande mindretal. Då kan det av og til vera ei trøyst å kroa seg med ei godstund saman med Meloditimen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.