Fåmælt og smålåten

I mi verd vil eg ofte rekna det å vera fåmælt og smålåten som positive eigenskapar med eit menneske. Eg tenkjer på dei som ikkje seier meir enn nødvendig, men når dei opnar munnen, er det all grunn til å lyda, fordi det ofte kan koma visdomsord. Det fåmælte er berre uttrykk for ei indre visse om at ein treng ikkje bruka mange ord når ein har kunnskap og er sikker på noko. Er det fåmælte kombinert med ein litt reservert, beskjeden framtoning, ja, då finn eg grunn til å verta ekstra interessert i vedkomande. Likevel, representantar for det smålåtne og fåmælte folkeslaget ser ut til å verta eit stendig minkande mindretal. I alle fall kan observasjonar frå mitt eige, avgrensa univers tyda på det.

I ei tid der alle skal framheva seg sjølve i tide og utide, aller helst skina på ei scene eller i andre offentlege samanhengar, er det ikkje stor plass til dei som heller vil halda seg litt i bakgrunnen. Det er lite rom for å vera litt tvilande og undrande til eigen kompetanse og kapasitet. Det høver dårleg når det er dei sjølvsikre vinnarane som er ideala, og som skal telja med i samfunnet. Sit nokon i eit jobb-intervju og viser seg litt beskjeden og tvilande, er det nok små sjansar for å koma vidare. Derimot ser det ut til at den småbrautande og offensive typen kan koma seg fram. Kanskje er det slik at mange ikkje ser samanhengen mellom det å vera tvilande og det å kunna reflektera, ha evne til tvisyn og dermed kunna resonnera seg fram til synspunkt og standpunkt. Den sjølvsentrerte og sjølvsikre er overtydd om at han/ho alltid har rett og veit best. Slik må det vel verta når alle skal vera vinnarar til kvar tid og passa på å marknadsføra seg som suverene i nær sagt alle samanhengar.

Ja då, eg veit at det finst fåmælte personar som også kan verka tverre og mutte. Og ja, ein kan verta so beskjeden og smålåten at det kan verka som om dei ynskjer seg bort frå det meste. Likevel, eg saknar stundom litt meir godhug for den beskjedne og smålåtne mennesketypen. Den som utan blygsel kan seia at nei, eg veit ikkje, eg er usikker, eller at eg må undersøkja dette meir, før eg vil seia noko. Det er meir tillitsvekkjande enn å høyra på den som ikkje ser grenser for eigen kompetanse og kunnskap.

Det er nok mykje som vitnar om at eg vaks opp i førre tusen-året.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.