Når orda tryt

Det er tysdag, og eg har enno ikkje skrive ferdig ny tekst til fredagsorda i Jakobs bok. Eg kjenner at no bør det losna, no bør det koma eit ord, ei vending, ein situasjon eller observasjon som det er verd å skriva om. Men det skjer ikkje, det skjer aldri på kommando. Det minner mykje om dei situasjonane når ein er med i eit ordskifte eller ei samtale. Ei stund etter at det heile er over, kjem ein på kva ein skulle eller burde ha sagt, berre ein hadde kome på dei rette orda der og då. Men slik er det. Rett som det er, tryt orda; dei sit fast eller dukkar rett og slett ikkje opp.

Slike gonger er det grunn til å misunna dei som tilsynelatande alltid finn dei rette orda, dei som slår om seg med dei elegante formuleringane og strålar i verbale samanhengar. Dei finst, eg har møtt dei, og eg vert like imponert kvar gong. I slike samanhengar kan ein kjenna endå tydelegare at orda tryt. Det er som om ordposen har vorte snurpa att av ein eller annan.

Då gjeld det å stålsetja seg, ta fram fornuft og skriverutine og dura i veg i von om at det ordnar seg til slutt. Somme gonger fungerer det, mange andre gonger vert det berre verbale magaplask. Eigenleg er det enklare slike gonger at andre kjem utanfrå med skriveoppdraga. Då har ein ikkje ansvar for å finna tema, det er “berre” nødvendig å finna rimeleg greie formuleringar som gjer at oppgåva kan løysast på eit vis.

Slik kan eg sitja og turrformulera for meg sjølv i von om at til slutt landar det ein tekst og legg seg til rette på skjermen. Då gjer det godt å vita at det å skriva har vorte mykje lettare i den digitale verda. Altfor lett, spør du meg, sjølv om eg er heilt avhengig av den digitale verda sjølv. Paradoks i livet skal ein ikkje forakta.

Share

2 kommentarer til “Når orda tryt

  1. Johannes H. Sekse

    Takk for i går kveld – eller gårkveld?
    Og til lukka med bloggtekst nr. 230.
    Lukke til i helga. Du er imponerande aktiv og allsidig.

    Helsing
    Johannes

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Takk skal du ha, Johannes! Triveleg i går kveld og godt boksal, etter som eg forstod. Det var bra.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 + 7 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.