Byråkratar

Eg er byråkrat, ein slik som det er altfor mange av. Det er alltid farleg når det vert for mykje av noko, det lærde eg i barndomen. Det einaste unntaket er kanskje pengar. Somme hevdar hardnakka at det ikkje kan verta for mykje pengar, men ein må visst vera økonom for å skjøna slikt. I alle fall, det er for mange av oss byråkratar, og difor vil nokon redusera talet på oss, slik me gjerne vil redusera andre negative sider ved samfunnet.

Eg hugsar godt dei åra då det var lemenår, då det var altfor mange lemen. Det var ein pest og ei plage å henta nedfallsfrukt på bakkane i Lofthus-bygda når det var lemenår. Sinte småkryp skreik og bar seg etter kvart som me gjekk rundt i det halvhøge graset for å berga dei epla som enno ikkje var øydelagde. Epla kunne pressast til saft, eller til og med brukast som råvare for sider, desse edle dropane som hjelper nokon kvar til å reflektera over korleis samfunnet eigenleg burde vera, med og utan lemen. Heldigvis var det ikkje lemenår kvart år. Det var visst noko i naturen som tok tabbe på tilstrekkeleg mange lemen slik at over tid vart det omtrent passeleg. Og då det etter ei tid vart eit nytt lemenår, hadde me gløymt at det kunne vera slik.

Vårherre gløymde tydelegvis å tenkja på sjølvreguleringsmekanismar for byråkratar, slik han gjorde det for lemena. Men dårlege dagar på arbeid kan alle ha, det gjev nokon kvar eit menneskeleg preg. Me byråkratar er kanskje ikkje så iltre og sinte som lemena er. Me likar oss heller ikkje særleg i halvhøgt og vått haustgras, dei fleste av oss. Me er nok litt meir usynlege enn lemena er; me får stendig høyra at me ikkje skal synast. Me skal arbeida i det stille, og ikkje minst: me skal kunna svara på spørsmål dersom ikkje-byråkratar skulle koma på at dei skal spørja oss om noko. Då skal me kunna svara på flekken, me skal ha ei såkalla responstid som skal teljast i nanosekund, og svaret skal vera eintydig ja eller nei.

Eg har aldri forstått kvifor talet på byråkratar aukar. Så vidt eg veit, er det ikkje forskingsrapportar som dokumenterer at byråkratar er meir økslingsføre enn ikkje-byråkratar. Min anekdote-empiri på økslingsområdet skulle eigenleg tilseia at byråkratflokken skulle minka. Men no når reduksjonstiltaka for byråkratar skal tenkjast ut og etter kvart gjennomførast, er det spennande om nokon klarar å overføra lemenkoden til byråkratsamfunnet. Neste gong eg skriv om byråkratar, kan det verta ei soge om korleis eit talrikt, men smålåte folkeslag har hamna på raudlista i medhald av konvensjonen om biologisk mangfald, og raudlistesoger er sjeldan oppbyggelege.

Publisert på Facebook 14. oktober 2013

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.