«Det er ubehagelig å se dem»

Det var sommaren i 1970. Eg hadde sommararbeid i ein sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma. Kvardagane var utfordrande. Eg skulle takla eigne fordommar og reaksjonar på det ukjende, det som var sterkt annleis. Samstundes skulle me som arbeidde der, vera til hjelp og nytte for dei som gjekk under namnet «pasientar». Omsorgsregimet var overberande venleg, samstundes som det var strengt og regelstyrt. Det var nok ikkje vanleg å sjå på dei som budde der, som einskildindivid. Dei tilhøyrde ei gruppe som skulle takast vare på, sjølvsagt på sømeleg vis, men dei skulle haldast utanfor det vanlege samfunnet. Dei var bokstavleg tala plasserte der.

Ein av aktivitetane var å gå tur i området rundt sjølve institusjonen. Eit populært område var eit nytt byggjefelt, fordi der var det opparbeidde vegar mellom husa og hagane. Ein dag då eg gjekk ein runde der saman med ein ungdom, kom det ein vaksen mann bort til oss. Bodskapen var direkte og brutal. «Vi vil ikke at dere tar disse menneskene med til vårt område. Det er ubehagelig å se dem. Dette er forresten et privat område, og dere har ingen rett til å gå her.» Eg vart litt paff og forsøkte meg varsamt med å seia at dei hadde like store rettar som andre folk til å gå turar i nærområdet. Svaret var eit steinansikt og ei klår melding om å koma oss vekk.

Heldigvis har mykje vorte betre 40 år seinare. Dei store oppsamlingsinstitusjonane for utviklingshemma vart etter kvart nedlagde. Utviklingshemma og funksjonshemma skal integrerast i lokalsamfunna og i kommunane. Dei skal kunna vera nær familiane sine slik me andre kan. Jamt over er det større aksept for at dei er i lag med oss andre, i skulane, i dagleglivet og litt i arbeidslivet. Utviklingshemma har fått rettar som einskildindivid nedfelte i lovverket. På papiret er det mykje som er bra.

Likevel er det enno langt fram før me kan snakka om fullt menneskeverd. Nokre tendensar i samtida skræmer ein som har fylgt dette feltet på nært hald som pårørande i godt over 30 år. Me opplever stendig oftare røyster som gjerne vil skilja utviklings- og funksjonshemma ut frå samfunnet. Kommunar vil gjerne byggja mini-institusjonar for å samla dei aktuelle personane i større grupper. Somme gonger er det snakk om reine omsorgs-gettoar. Det er meir effektivt, og så kan ein skapa sterkare fagmiljø, vert det hevda. Det som er av forsking på feltet, dokumenterer det motsette. I skulesamanheng dukkar det opp forslag om å samla elevar med ekstra behov i eigne læreinstitusjonar. Gruppetenkinga er på full fart inn att i offentleg debatt og i tankemønster i det offentlege hjelpesystemet. At det er tale om einskildindivid, forsvinn i bakgrunnen. Dei hjelpetrengjande vert vurderte som medlemer av ei gruppe – «disse menneskene».

Stundom ynskjer eg at Arne Skouen (1913-2003) kunne heimsøkja oss for å avsløra med den skarpe pennen sin kva menneskesyn som styrer haldningar og oppfatningar om at «dei andre» må samlast i store grupper for å kunna få lovfesta omsorg. Getto-tenking, ville han ha sagt; omsorgs-apartheid, kunne han ha skrive. Og me burde ha lytta til han, slik me gjorde den gongen han var ei levande verbal kraft for alle som måtte kjempa for å få menneskerettar som einskildindivid, sjølv om dei trong ulike former for hjelpetenester. Me må stendig minna kvarandre om at menneske som har behov for hjelp, ikkje skal oppleva at dei misser menneskeverd og menneskerettar. Menneskeverd må aldri reduserast til ein diskusjon om organisatoriske og økonomiske løysingar. Då vil me trengja ein heil hær med Arne Skouen-personar.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.