Bidialektal

Eg vert so glad kvar gong eg lærer noko nytt. Det betyr at det står til liv. Her om dagen lærte eg meg omgrepet «bidialektal». For eit par år sidan vart det publisert ei doktoravhandling om temaet ved NTNU (av ei drivande dyktig toradarspelkvinne). Litt forenkla betyr bidialektal at personar beherskar og bruker ulike dialektar i ulike situasjonar. Eg har sjølv vore vitne til korleis personar kan sitja i eit lag og snakka harding-dialekt til ein sidemann/sidekvinne, for so å snu seg til andre sida og snakka kav austlandsk med nokon andre. Fenomenet er med andre ord slett ikkje nytt. Det nye er ein meir grundig analyse av fenomenet.

I gamle dagar ville me ha kalla dialektskiftet for knoting. Det har aldri vore rekna for særleg bra. Idealet er nok enno at ein skal halda på den dialekten ein lærer seg som barn. So opplever me at mange mange skifter dialekt; ikkje minst skjer det i samband med flytting til andre delar av landet. Det kan gjelda fullstendig skifte av dialekt, t.d. frå hardingmål til austnorsk. Andre gonger held ein på ordtilfang og språkstruktur, men skiftar tonefall, slik som ein av og til kan oppleva med bergensarar som har budd lenge på Austlandet.

For ikkje å hengja ut andre personar, skal eg bruka meg sjølv som døme. No er eg vel eigenleg ikkje er bidialektal. Eg er fullstendig fri for evne til å herma andre dialektar. Det ville ikkje ha vore mogeleg for meg å vri tunge og munn slik at eg kunne ha snakka austlandsk. Eg kan ikkje eingong herma etter ein rogalending. Difor misunner eg alle som utan vidare kan herma andre dialektar. Fleire spelemannsvener høyrer til i den kategorien, og eg vert opp i undring kvar gong dei slår seg lause i godt lag.

Eg har nok drive med ei anna form for knoting enn dialektskifte. Mogelegvis starta det i studietida. Eg gjekk meir og meir inn for å snakka ei form for normalisert nynorsk. Det mest påtakelege var at eg skifta ut «ao»-lyden med «å». Då me flytte til Sverige tidleg på 1970-talet, gjekk eg eit steg vidare. Utprega hardingmål frå Sørfjorden var nok ikkje særleg lett å forstå i Stockholm. Difor gjekk eg medvite inn for å snakka normalisert nynorsk som eit rollespråk. Det fungerte greitt i kvardagane. I familiesamanheng var eg likevel vanleg sørfjordskar. Det normaliserte talemålet tok eg med meg inn i yrkeslivet då eg kom attende til Noreg, og det fylgde meg i sterk monn heilt til eg forlét det profesjonelle yrkeslivet. Nærståande skulda meg stundom for å snakka som ei stortingsmelding på nynorsk.

I oppveksten forstod eg tydeleg at knoting var vitnemål om mindremannskjensle. Det var skam å knota. Sjølv har eg alltid hatt eit «men» i tankane når eg har diskutert knoting med andre. Munnleg kommunikasjon har eitt mål, og det er å få dei andre til å forstå bodskapen din. Dersom dei ikkje forstår deg, er det ikkje fordi dei er dumme. Det kan rett og slett vera at dei ikkje kjenner til språket ditt. Då er det avsendaren som har den største utfordringa, ikkje mottakaren. Knoting kan somme gonger vera nødvendig for i det heile få til samtale med meining i. Slik sett er den bidialektale evna ein spesialkompetanse som gjer at personar kan føra ei fornuftig samtale. Når det er sagt, er det nok enno ein del språkleg snobbeskap ute og går, der alfor mange ikkje vil forstå anna enn det språket dei beherskar sjølve. Men dei manglar både språkkompetanse og folkeskikk.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.