Jagar etter ord

For ein del år sidan fekk eg eit skriveoppdrag med ei tidsramme som var uvanleg kort for den type oppgåver. Oppdraget var på kanten til å vera useriøst.  Det var likevel berre å krypa inn i skrivebobla og utnytta tid og timar så godt som råd var. Oppgåva vart løyst innanfor tidsramma, og resultatet vart som det vart. Den seine mai-kvelden då eg sende frå meg produktet, vart eg sitjande litt matt på kontoret medan eg formulerte den kjensla som hadde surra rundt i tankebakgrunnen min i skriveperioden.

 

Jagar etter ord,
leitar etter samanhengar
mellom ord,
etter meining i
ord

prøver ut,
forkastar,
prøver på nytt,
forkastar ein gong til;
smakar på,
snur på
ord

linjer formar seg,
blir endra,
blir strokne,
skjermen er på nytt
tom for
ord

ei hende gong,
men altfor sjeldan,
får orda liv,
talar til oss,
rører ved noko
hjå deg,
hjå meg

dømde til eit liv
med ord,
eit liv gjennom ord,
eit liv i ord,
søkjer me
kvilelaust
etter
ord.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.